Film

Døden på Mount Everest

Å klatre til toppen av Mount Everest, er å klatre rett inn i ei dødssone. Dokudramaet Everest er ei nervepirrande historie om ein av ekspedisjonane som enda fatalt.

Bilde 1 av 2

Sidan eg var liten gut, har eg vore fascinert av Mount Everst, verdas høgste fjell. Med sine 8.848 meter ruvar fjelltoppen høgt over det som er ein leveleg opphaldsstad for mennesket.

Å klatre til topps på Mount Everest, er å stirre døden i kvitauget. Kroppen går inn i ei dødssone der han sakte, men sikkert blir broten ned. Mange fjellklatrarar og eventyrlystne har måtta bøte med livet sidan dei første, Edmund Hillary og Tensing Norgay, nådde toppen i 1953.

Det seier litt om Mount Everest at mennesket nådde toppen berre 16 år før vi nådde månen. I seinare tid har det blitt fleire og fleire ekspedisjonar som har sikta mot toppen. Dokudramaet Everest fortel om to av dei, ein ekspedisjon leia av Rob Hall (Jason Clarke) frå New Zealand og ein leia av amerikanarane Scott Fischer (Jake Gyllenhaal).

Hall og Fischer samarbeidde om oppstigninga den 10. mai 1996. Den felles ekspedisjonen skulle ende med tragedie.

Nordmenn

Forteljinga blir endå nærare for oss når vi veit at Erling Kagge nådde toppen av Mount Everest med Rob Hall som guide to år tidlegare, i 1994. Ei rekke nordmenn har etter kvart vore på det store verdstaket.

LES OGSÅ: «Brutalt ærlig om livet som psykisk syk»

Mest kjent frå ekspedisjonen i 1996 er kanskje den amerikanske skribenten Jon Krakauer, som skreiv den bestseljande­ boka Into Thin Air etter å ha overlevd turen. Krakauers bok blei også møtt med ein del motstand, ettersom han kritiserte metodane og dømme­krafta til ein russar som jobba for Scott Fischers Mountain Madness-team. I Everest har denne russaren, Anatolij Boukreev, i stor grad fått oppreising – det var nemleg han som berga to liv då ekspedisjonen blei tatt av ein frykteleg storm.

Den islandske regissøren Baltasar Kormákur er tidlegare kjent for filmar som 101 Reykjavik og Dypet. I Everest nyttar han seg av 3D-teknologi, noko som gir historia frå verdas høgste fjell eit endå større magesug. Den første halvdelen av filmen tek for seg førebuingane og oppstiginga til toppen, den neste halvdelen skildrar nedstiginga og stormen.

Sympatisk

Kormákur gir filmatisk rom til alle deltakarane på ekspedisjonen, men lar Rob Hall stå som ein slags hovudperson. 35 år gamle Hall skulle snart bli pappa då han leia ekspedisjonen i 1996. Han blir framstilt som ein ansvarleg og sympatisk mann, med både sunn fornuft og eit varmt hjarte.

LES OGSÅ: Wendyeffekten er ranet for gode poenger

På Mount Everest kan likevel dei beste intensjonar leie til den visse død, og når Hall lar ein av deltakarane nå toppen trass i at klatraren er nesten to timar bak skjema, forstår vi fort at han har gjort ei feilvurdering med sitt varme hjarte. På veg ned frå toppen får Hall og Doug Hansen (John Hawkes) store problem når Doug nesten kollapsar av utmatting og stormen brått kjem over dei.

Ein film som viser kor små menneska er i ­kampen mot naturkreftene

– Alf Kjetil Walgermo, meldar

Hall gjer ei ny vurdering som i filmen etablerer han som ein helt: Han blir verande oppe i fjellsida saman med Doug, sjølv om det inneber ein enorm risiko også for han sjølv.

Krakauer, spelt av Michael Kelly frå House of Cards, får ei mindre rolle i filmen, mens ein annan av ekspedisjonsdeltakarane, den amerikanske ­legen Beck Weathers (Josh Brolin), får litt større plass. Filmen bygger då også blant anna på boka Weathers skreiv etter ekspedisjonen: Left for Dead: My Journey Home from Everest. Amerikanaren opplevde nemleg marerittet å bli verande att åleine i det stormfulle fjellet. Det er ingen løyndom at han overlevde, om enn på underfullt vis.

Ærefrykt

Everest gir eit godt innblikk i dei historiske hendingane frå 1996, og ser rimeleg autentisk ut, trass i at mykje av filmen er skoten i Italia. Vi får aldri noko klart svar på kvifor mennesket søker slike ekstreme utfordringar.

Kvifor er det nokon av oss som må opp på toppen av verdas høgste fjell? Svaret er nok ikkje fullt så enkelt som menneskeleg overmot. Men filmen hadde tent på å gå endå litt meir inn desse store spørsmåla. Everest er uansett ein film som viser kor små menneska er i kampen mot naturkreftene.

Når Mount Everest fyller meg med ærefrykt, kor stort er då ikkje resten av universet?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film