Anmeldelser

Born på flukt

Korleis kan ein snakke med små born om alvorlege saker som born på flukt? To nye bøker hjelper oss.

For dei aller minste har Randi Fuglehaug og Jill Moursund laga Papelina. At Fuglehaug vel å la det vera fuglar som er på flukt, ligg vel litt i namnet. I alle høve er det ein liten papegøyefamilie som brått må reise frå heimen sin ei natt. Vi får ikkje vite noko om kvifor, men Papelina, som er storesystra til Vesle-Papo, blir litt skremd ein dag ho er ute og leikar, og brått får høyre ein kraftig smell og ser eit skarpt lys på hi sida elva.

###

Superoptimistisk

Dei går ombord i ein liten båt som skal ta dei over havet, for jamvel om dei har vengjer, er det for langt å fly.
Saman med ein bråte andre fuglar kjem dei over, men det blir ikkje heilt som Papa Gøye har lova. Han er nemleg ein superoptimistisk humørspreidar som vel å sjå lyst på det meste. I tillegg har han ein hysterisk sans for ordspel og rim (verre enn mitt spede forsøk på leik med forfattarnamnet). «Æsj, eg er våååt som ein velta båååt!» ropar Papa Gøye. Og «Velkomen til denne seglasen, som skal bli både flott og snasen!». Papelina blir flau over faren, men veslebror fniser.

Gull verdt

Og der har forfattaren gitt eit bein til både små lesarar som lar seg glede av slikt tøys og dei som er blitt for «store» for dette. I alle fall gjev det humør og liv til boka, som vil vera gull verdt når ein skal lese henne høgt for små born.

Men kan ein skrive om eit så alvorleg tema på ein måte som også er full av tull og tøys?

Svaret er ja. I alle fall slik det er gjort her. Ut frå heilskapen skjønar vi alvoret. Det skjer ei nesten-drukning på havet, og
det luftslottet Papa Gøye har teikna for ungane sine, er eit heller stusseleg asylmottak med køyesenger. Men vi veit frå mange soger, at når det verkeleg blir alvorlege utfordringar i livet, kan galgenhumor gjera underverk. Og ingen har stuttare veg til leiken enn born.

Avstand

Når ein vel å la fuglar spela rollene i forteljinga om flyktningkrisa, skaper det ein avstand til tragedien, som kan gjera det lettare å få til den samtalen om dette, som det er viktig å ta. Og sidan boka formidlar
optimisme og gode døme på overlevingsstrategiar, er det ikkje så vanskeleg.

Illustrasjonane er beste merke Jill Moursund. Dei er frodige, kommuniserer godt og fargane er mjuke og fint avbalanserte.

###

Ung gut med kvaler

For dei litt større borna, finst boka Bestem deg, Tony T, Bestem deg! Ho handlar om Tony som er på sommarferie hjå bestefar, saman med kusina si, Silja. I starten verkar det som om dette berre er endå ei av desse forteljingane om ein meir eller mindre spanande ferie hjå bestefar. Det blir det for så vidt også, men på ein heilt annan måte enn vi trur. Rett nok tek det litt lang tid, men snart er småkjeklinga mellom syskenborna avløyst av noko mykje meir dramatisk. Eit asylbarn er sakna. Folk trur ho er drukna, men så viser det seg at ho har gøymt seg på loftet i bestefars hus.

Kontakte politiet?

Denne flukthistoria er meir komplisert enn den vi fann i den først
nemnde boka. For Asia, som jenta heiter, er framleis ikkje trygg, jamvel om ho har greidd å komme seg frå Afghanistan til Noreg. Ho har nemleg flykta frå ein gammal mann som vil ha henne til kone, og mannen har kontakt i Noreg med ein kar som vil sende henne attende. Dette set Tony og Silja i eit dilemma: Skal dei kontakte politiet og fortelje at den etterlyste Asia ikkje er død, men bur hjå dei, eller skal dei halda henne skjult? Kan dei lite på at politiet ikkje vil overlevere henne til mannen som vil senda henne attende?

Teikneserie

Etter den litt for lange starten på boka, der forteljinga trør vatnet, blir det engasjerande når Tony oppdagar Asia. Erna Osland fortel som vanleg med godt språk, og i tillegg er boka utstyrt med variert presentasjon. Hovudteksten står på korte liner, og brått dukkar det opp eit par sider der handlinga er framstilt som teikneserie. Det blir òg variert med fargen på
arket under teksten. Dette skaper ein fin variasjon, gjer lesinga lett for dei som treng det. Dessutan speglar og forsterkar det framdrifta i forteljinga.

Rik leseoppleving

Boka byr på ei rik lesaroppleving. I tillegg til dilemmaet kring Asia, har
Osland sett ord på fleire tema som kan skaffe hovudbry og hjarteverk.

Tony plundrar mykje med skuldkjensle, og han strevar med å finne ut korleis han kan takle konfliktar. Han er kanskje for veik. Men korleis kan han finne kraft til å stå opp når det trengst?

Alt dette gjer at denne boka er meir enn ei temabok om flyktningar. Ho er ei dagsaktuell historie med fleire lag.

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser