Anmeldelse

Den originale Blade Runner-­filmen kom ut i 1982 og fekk overraskande dårlege kritikkar. Med åra har likevel filmen vakse til å bli ein av dei mest ­kanoniserte filmane innan sci-fi-sjangeren. Filmen var regissert av Ridley Scott og hadde ­Harrison Ford i hovudrolla som «blade ­runner» – politimannen som jakta på opprørske ­«replikantar», menneskeliknande ­robotar konstruerte av det mektige Tyrell-­konsernet.

Blade Runner tok opp mark­ante etiske dilemma i det spennande landskapet mellom menneske og maskin. I kva grad kan ein robot inneha ein fri vilje? Er det moralsk riktig å ­«pensjonere»/drepe robotar som opponerer mot skaparane sine? Kan ein robotar ha ekte kjensler, og går det an å forelske seg i eit slikt vesen?

Øko-kollaps

Mange av desse tematikkane er seinare blitt gjenstand for nye filmatiske undersøkingar, frå Steven Spielberg-filmen A.I. Artificial Intelligence (2001) til TV-serien Westworld (2016). No er oppfølgjaren til Blade Runner her, med tittelen Blade Runner 2049. Der handlinga i Ridley Scotts film var lagt til året 2019, ei ikkje altfor fjern framtid for dagens kinopublikum, ser den nye filmen 30 år lenger fram i kalenderen. Økosystemet har kollapsa og landskapet er ei blanding av ørken, ruinar og høgteknologisk byliv.