Den originale Blade Runner-filmen kom ut i 1982 og fekk overraskande dårlege kritikkar. Med åra har likevel filmen vakse til å bli ein av dei mest kanoniserte filmane innan sci-fi-sjangeren. Filmen var regissert av Ridley Scott og hadde Harrison Ford i hovudrolla som «blade runner» – politimannen som jakta på opprørske «replikantar», menneskeliknande robotar konstruerte av det mektige Tyrell-konsernet.
Blade Runner tok opp markante etiske dilemma i det spennande landskapet mellom menneske og maskin. I kva grad kan ein robot inneha ein fri vilje? Er det moralsk riktig å «pensjonere»/drepe robotar som opponerer mot skaparane sine? Kan ein robotar ha ekte kjensler, og går det an å forelske seg i eit slikt vesen?
Øko-kollaps
Mange av desse tematikkane er seinare blitt gjenstand for nye filmatiske undersøkingar, frå Steven Spielberg-filmen A.I. Artificial Intelligence (2001) til TV-serien Westworld (2016). No er oppfølgjaren til Blade Runner her, med tittelen Blade Runner 2049. Der handlinga i Ridley Scotts film var lagt til året 2019, ei ikkje altfor fjern framtid for dagens kinopublikum, ser den nye filmen 30 år lenger fram i kalenderen. Økosystemet har kollapsa og landskapet er ei blanding av ørken, ruinar og høgteknologisk byliv.
I denne verda er dei såkalla «blade runners» framleis på jobb. Replikantar som ikkje utfører oppgåve sine utgjer framleis ein trugsel mot verdsordninga. Eit nytt konsern, Wallace-konsernet med Niander Wallace (Jared Leto) i spissen, er no den dominerande produsenten av replikantar og har lagt under seg store deler av det kjente samfunnet. Jorda er berre ein bit av puslespelet, der det no finst bustader i til saman ni verder.
Barnefødsel
Det er likevel på den gamle og plaga Moder Jord at handlinga i filmen skal utspele seg. Det er også her Harrison Ford skal dukke opp på nytt, denne gongen i ei birolle.
For det er Ryan Gosling, sist sett i musikalen La la land, som spelar oppdatert «blade runner». Det er lite La la land-stemning å spore i det dystre framtidsuniverset, då heller meir av stemninga frå thrilleren Drive (2011). Dei flygande bilane frå 1982-filmen er framleis til stades i det nye framtidsscenarioet. Våpna ser også nokså like ut. Men elles har det skjedd ein god del sidan sist.
K (Gosling) kjem på sporet av ein løyndom som kan komme til å velte heile samfunnet, om han skulle bli kjent. Utan å røpe for mange detaljar frå ein film som ønskjer å overraske med vendingane i handlinga, kan eg likevel seie at det har med ein barnefødsel å gjere. Eit barn er blitt fødd, og det må finnast og drepast før verda går av hengslene. Omtrent slik tenkte vel også kong Herodes etter at Jesus blei fødd i Betlehem.

Harrison Ford held framleis koken, 35 år etter at han hadde hovudrolla i den originale Blade Runner. Foto: Filmweb
Bibelske motiv
Dei bibelske metaforane er mange i denne filmen, faktisk meir tydelege enn i den originale Blade Runner-filmen. Det blir hinta til fleire Jesus-motiv, der barnefødselen er blant dei mest opplagte. Fødd, ikkje skapt – som det heiter i den nikenske truvedkjenninga. Seinare er det offeret som står sentralt, i det å gi sitt liv for andre. Personane i filmen snakkar om englar og Edens hage, og det blir til og med sitert frå 1. Mosebok, om korleis Gud opna Rakels morsliv så ho kunne fø borna Josef og Benjamin til mannen sin, Jakob. Vidare opnar filmen for diskusjonar om kva kropp og sjel betyr for moralen vår. Replikantane har inga sjel, men kan likefullt ta moralsk riktige val.
Lukkast godt
Regissør Denis Villeneuve står også bak den svært gode sci-fi-filmen Arrival (2016) og viser seg endå ein gong som ein regissør med blikk for dei filosofiske og eksistensielle problemstillingane, og ikkje berre for spektakulære spesialeffektar. Han og manusforfattarane Hampton Fancher og Michael Green lukkast godt med å skape ein oppfølgjar som både står på eigne bein og som tilfører noko nytt og interessant. Når Goslings og Fords roller følgjast opp av gode kvinneroller spelt av Ana de Aarmas, House of Cards-stjerna Robin Wright og Sylvia Hoeks, blir det nok i kraft i Blade Runner 2049 til å halde på interessa vår dei 2,5 timane filmen varer.
Perfekt er filmen ikkje, men han fell slett ikkje igjennom målt mot den ikoniske forgjengaren. Og Harrison Ford? Jo, han slår framleis godt ifrå seg.
Hver torsdag dykker Vårt Land ned i filmenes verden. Les flere anmeldelser her!