Anmeldelser

Ein Jesus-injisert filmklassikar

Nyversjonen av Ben-Hur er pumpa opp for den kristne marknaden. Mykje går godt, mykje går gale.

Skal vi tru amerikanske filmkritikarar, er regissør Timur Bekmambetovs nyinnspeling av Ben-Hur noko av det største mølet som er blitt vist på eit kvitt lerret. Filmen er dømd nord og ned av eit så godt som samla kritikar­korps. Det same kjem sikkert til å skje her heime. Og er det ikkje eit heilagbrot å lage ein ny versjon av ein klassikar som framleis er så sjåverdig – den ellevedobbelte Oscar-vinnaren frå 1959?

Kanskje er det stabukken i meg som brekar, men det finst faktisk mykje godt å seie om nye Ben-Hur. Filmen bør neppe­ kritiserast for å vere ein «remake», ettersom det er laga ei rekke filmar og TV-seriar basert på Lew Wallaces roman frå 1880. Heller ikkje 1959-produksjonen var den første.

LES OGSÅ: Hit reiser syke for å dø

Bisarr humor

At 2016-versjonen ikkje byr på andre kjente­ skodespelarar enn Morgan Free­man i ei av birollene, er heller ikkje eit minus. Kanskje snakkar vi ikkje om skodespel i verdsklasse, men Jack Huston er slett ingen dårleg Judah Ben-Hur. For dei av oss som blei litt småleie av Charlton Heston etter kvart, anten som hovudperson i bibelske filmklassikarar eller som iherdig medlem i National Rifle Association, er det forfriskande med eit nytt ansikt til togaen og sandalane. Namnelikskapen – frå Heston til Huston – er for­håpentleg tilfeldig, eller uttrykk for ein bisarr humor hjå dei ­castingansvarlege.

LES OGSÅ: Dette mener kirkefolk om Bjørn Eidsvågs Jesus-forestiling

God visuelt

Det filmatiske uttrykket er langt betre i Ben-Hur enn i dei tidlegare bedriftene til produsent Mark Bennett, som er særleg kjent for TV-serien The Bible og filmen Son of God. I Noreg­ blir filmen av ein eller annan grunn vist i 2D og ikkje 3D, som kan freiste vonde tunger til å seie at filmen dermed manglar endå ein dimensjon. Trass i overkant heftig datagrafikk i sentrale scener, ikkje minst det spektakulære hest og vogn-­racet, ser filmen i det store og heile bra ut – han er langt ifrå nokon visuell flopp.

Kvifor har då filmen fått så inn i hampen med tyn? Er det berre­ klassikar- og nostalgipolitiet som har vore ute og svinga med batongane sine? Nei, ikkje berre.­ Dessverre har filmskaparane forrekna seg til dels grovt i sitt forsett om å treffe kristenmarknaden med denne nyinnspelinga. Særleg mot slutten av filmen blir handlinga så klisjéfull og estetikken så grell at lufta plystrar ut av ballongen og alt blir flatt. Verst av alt er rulletekstmusikken, som krasjar så fundamentalt med det nytestamentlege filmlandskapet at ein går lettare sjokkskadd ut av kino­lokalet. Korleis ser eigentleg Mark Bennett for seg den kristne målgruppa si?

Meir Jesus

I nye Ben-Hur har Jesus fått ei mykje større rolle enn i filmen frå 1959. På ei side sett er det finurleg at Jesus her verkar som tømmermann i Jerusalem (og ikkje i Galilea). Kanskje verkar det også litt påfallande at Jesus kryssar veg med Judah så ofte. Samtidig synest eg Jesus-injiseringa så absolutt kan forsvarast, også fordi Lew Wallaces roman har undertittelen «A Tale of The Christ». Jesus-figuren i Bekmambetovs film skaper ein fin kontrast til hemn- og revansjelysta som pregar Judah og den adopterte broren hans Messala (Toby Kebbell). Jesu bodskap – «Elsk fiendane dykkar!» – teiknar opp ein alternativ sti for dei involverte; historia er ikkje nøydd­ til å ende som ein Quentin Tarantino-film.

Det ligg eit visst Mel Gibson-syndrom i kombinasjonen av sterk religiøsitet og brutal action. Ben-Hur er langt ifrå så blodig som The Passion of the Christ, men noko av den same tenkinga har gått føre seg i forkant her. Eller snarare: Nye Ben-Hur er endå ein skumtopp på bibelbølgja som Mel Gibsons film sette i gang.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Har vi høyrt og sett det før? Ja. Er det spennande? Ja, faktisk litt. Er det verdt å bruke tid på? Tja, under tvil. Føresetnaden er at du ikkje har eit sterkt nostalgisk forhold til Ben-Hur frå 1959, at du er villig til å sjå mellom fingrane­ med ein del klisjear, og at du ­likar oppbyggelege historier på film. Sjølv blir eg ikkje med heilt til mål, men har anstendigheit nok til å rose filmskaparane for forsøket.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser