Film

24 timar med tvil, 1 minutt med håp i Agnus Dei

Andreaspris-vinnaren Agnus Dei er så langt unna julekos som ein kan kome. Men midt i mørket formulerer han ein kraftfull respons på det vondes problem.

Midt i julehøgtida kjem filmen som vann den økumeniske Andreasprisen tidlegare i år, det fransk-polske dramaet Agnus Dei. Filmen er regissert av Anne Fontaine, som mellom anna er kjent for Coco før Chanel. Den nye filmen handlar om noko heilt anna enn opptakten til siste skrik frå Paris. Her er det dei aller største tematikkane som rår grunnen.

Agnus Dei bygger på ei sann historie frå tida rett etter andre verdskrigen. Vi følgjer den unge franske Raudekross-legen Mathilde (Lou de Laâge), som er blitt sendt til Polen for å gi hjelp til trengande krigsoffer. Her blir ho oppsøkt av ei polsk nonne som ikkje kan forklare kva ho treng hjelp til. Nonna ber likevel så insisterande i snøen utanfor det provisoriske sjukehuset at Mathilde, som sjølv er ateist, blir med henne til klosteret.

Her ventar det Mathilde ei brutal overrasking. Det viser seg nemleg at fleire av nonnene er gravide, etter å ha blitt valdtekne under krigen. No treng dei hjelp til å føde.

Opprivande

Det er ei opprivande forteljinga som blir fortald i denne filmen, som kan vere tøff nok å fordøye. Overgrepa mot uskuldige er store, og det viser seg også at vondskapen framleis held si klamme hand over klosterfellesskapet – utan at eg her skal røpe korleis. Poenget er uansett at sjølv religiøse leiarar kan trå feil når samfunnet dei er sett til å leie, er trua. Og vondskapen kan ramme sjølv dei mest gudfryktige.

Filmen er interessant på fleire måtar. Han er både grufull og nyansert, med mange små og store etiske dilemma. Dei grufulle ugjerningane som dannar bakgrunnen for historia, skaper ei særs mørk ramme omkring det heile. Likevel lukkast filmen i å formulere følgjande respons på det vondes problem: Tru er 24 timar med tvil, og eitt minutt med håp.

Kime av håp

Det er også eit lite poeng at det er ein ateistisk hovudperson som får danne håpsflammen i møte med nonnene, sjølvsagt fullstendig i tråd med all legeetikk. Samtalen mellom ateisten og nonnene er både truverdig og stillferdig, og dei lar seg påverke av kvarandre midt i den utfordrande tida.

Både skodespel og fotografering er av beste merke, og gjer sitt til å gje Agnus Dei den sprengkrafta som filmen har. Som sagt: Han kan vere nesten ulideleg mørk å ta innover seg, men ber også i seg ein kime av håp.

Det håpet er det godt for alle menneske å klynge seg til.

Alf Kjetil Walgermo er juryleiar for Andreasprisen.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film