Anmeldelser

Undring og motstand

ANMELDELSE: I si nye bok set Wera Sæther spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar og oppfordrar til kamp mot naturøydelegging og mot overgrep mot enkeltmenneske.

Wera Sæther debuterte allereie i 1973 med diktsamlinga Barnet og brødet og har etter den tid skrive meir enn femti bøker i ulike sjangrar: Reise-og barnebøker, romanar, sakprosa og omsetjingar.

Årets utgjeving, et essay i gud, tar utgangspunkt og kretsar rundt ei oppleving forfattaren hadde som tjueåring ved eit tre på Sørlandet: Ho fall på kne og høyrde ord som gav livet etterpå retning og meining: «Nåde er, gå til den katolske kirken».

---

Wera

Roman

Wera Sæther

et essay i gud

271 sider, Efrem forlag 2024

---

Det er ikkje heilt lett å bli klok på sjangeren til denne nye boka, med sine 73 delar og ein epilog. Det står «roman» etter tittelen og vi veit jo no at romansjangeren i seg sjølv korkje treng peike mot eit forløp eller at det nødvendigvis dreier seg om fiksjon. Forlaget seier at det dreier seg om «en indre selvbiografi i romans form». Eg veit ikkje kva ein indre sjølvbiografi er, men i dette opne landskapet mellom essay, roman og sjølvbiografi er det rimeleg å rekne med bokas «jeg» har mykje til felles med den biografiske Wera Sæther som vart født i 1945.

Andre lystennere

Lesaren får inntrykk av at Wera Sæther, akkurat som Sigrid Undset, vart kristen i møte med den katolske kyrkja. Men måten kristentrua utfalda seg på hos dei to forfattarane, kunne knapt vore meir forskjellig.

Undset heldt trufast fast på det ho lova då ho vart tatt opp i den katolske kyrkja i 1924, lenge før Det andre vatikankonsilet, om å forkaste og «avsverge» «enhver villfarelse, vranglære og sekt, som strider mot den hellige katolske og apostoliske romerske kirke». Sæther på si side, bruker mykje plass på å vise kva ho har lært av heilt andre truer og livsyn, av muslimsk og jødisk mystikk, av hinduar og urfolk.

Undset ville nok aldri ha skrive det som Sæther gjer klårt med ettertrykk: «Det fins andre lystennere enn nazareeren. De er ikke kirkelige. Det er det vidunderlige og skjerpende. Alt lys er ikke i kirken, og alt i kirken er ikke lys.» Den ikkje-kvite jøden Jesus som ikkje skreiv noko sjølv, men som heile tida samtalte med dei utstøtte og barna, maktkritikaren som velta pengevekslaranes bord, speler ein viktig rolle i trua til forfattaren og i boka.

Maktkritisk medmenneske

Boka gir også spennande glimt og brotstykke av skjellsetjande erfaringar og møte med andre menneske kloden over, på det indiske kontinentet, i Frankrike, Rwanda og andre stader. Ein sentral stad boka stadig vender tilbake til, er den økumeniske kommuniteten Mariahuset på Frogner, der Sæther budde i ti år og stadig er knytt til. Fleire av tekstane i boka handlar om kva ho har lært av å leve tett saman med menneske med sterke utviklingshemmingar, mange heilt utan språk.

Forfattaren framstår som eit maktkritisk medmenneske som er djupt engasjert i kampen mot urett og overgrep, og også i kreativt arbeid med å stoppe øydelegginga av natur og klode før det er for seint. Ho er aktiv i den ikkje-valdelege rørsla Extinction Rebellion og løfter også fram pave Frans sitt sterke miljøengasjement og siterer med tilslutning det han har sagt om alvoret i den økologiske krisa som trugar alt liv på kloden.

Mangelen på oppgjer med dei mørke sidene ved det kyrkjelege livet, går som ein raud tråd gjennom heile boka

Sæther vender fleire gonger tilbake til alt det som ikkje er «lys» i den kyrkja ho har vore nært knytt til i over femti år: Overgrepa mot barn, forteiinga, hykleriet og maktmisbruk. Mangelen på oppgjer med desse mørke sidene ved det kyrkjelege livet, går som ein raud tråd gjennom heile boka, både som ei sorg og i sinne. Sæther opnar fleire stader for at det ein gong, etter Frans, kan bli nødvendig å finne seg ein annan adresse enn Den katolske kyrkja.

Mange punktum

Det tar si tid å lese et essay i gud. Mens forfattaren Jon Fosse skriv eit heilt verk utan punktum, er det ingen slik mangel her: Dei mange hovudsetningane blir avbrotne av punktum, som ofte både markerer ein stopp og byrjinga på noko nytt. Sæthers punktum er omtrent som dobbelt linjeskift i Fosses dikting eller som «(lang pause)» i dramatikken. Denne skrivemåten gjer lesinga av boka litt oppstykka og lesinga tar difor den tida ho tar. Det er vel heller ikkje utenkelege at denne litt fragmentariske framstillingsforma også speglar sjølve skriveprosessen bak dei ulike tekstane i boka?

Ofte blir punktum også brukt i staden for spørsmålsteikn. Dei mange opne spørsmåla i boka er ikkje berre knytt til om forfattaren eingong må forlate Kyrkja, dei er også forbunde med at gudsnamnet sjølv er eit spørsmål: «For gud, den bibelske Jeg Er, er også et spørsmål».

Verande hos lesaren?

Nokre av dei mange hovudsetningane er gode, og lesaren kan med fordel grunne litt på dei. Forfattaren skriv til dømes klokt og erfaringsnært i denne formaninga retta til seg sjølv, om samanhengen mellom engasjement og nødvendig kvile: «Gå videre med det som ikke tynger og binder, men holder deg våken så du kan sove når du behøver å sove.»

At det tar si tid å lese denne hybride essay-roman-sjølvbiografi-boka, betyr kanskje at delar av ho kan bli verande lenge hos lesaren? Det er ein del litt halvkveda forteljingar og nokre fragment eg ikkje heilt forstår eller skjøner meininga med, men eg trur det skal godt gjerast å lese et essay i gud utan å bli engasjert, kanskje også provosert og kome på sporet av andre måtar å leve på. Kanskje også med eit håp og ei innsikt om at «en annen verden er mulig, og denne er det ikke».

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser