Ventetida er over. Siste bindet av Lars Myttings Hekne-trilogi er no i bokhandelen. Bør du lese ho? Eg er ikkje i tvil: Set du pris på velskrivne romanar med intens spenning, full av replikkar som sit som ordspråk – og med eit vell av historisk og teknologisk kunnskap som dei fleste kan lære noko nytt av, er svaret, utan atterhald: Ja.
Svært mange har allereie lese Søsterklokkene og Hekneveven, og veit kva eg snakkar om. Dei som ikkje har gjort det, bør nok lese dei to tidlegare bøkene først. For Skråpånatta er ikkje eit frittståande verk, men ei avslutning som samlar trådane som allereie er lagt ut, og som gir uventa svar på dei spørsmåla som er stilt. Fleire av oss som har lese dei to første binda, kan nesten kjenne på litt misunning mot dei som kan få det heile i eit strekk og for første gong.
Det siste bindet skuffar altså ikkje. Det er, om mogleg, enno betre enn dei to første.
Gåtefullt avbilda domedag
I møte med gode forteljingar, får ein lyst til å gjenfortelje. Eg skal stå imot freistinga til å røpe for mykje av det som skjer i Skåpånatta. Mytting har sjølv skapt dette forunderlege uttrykket. Det handlar om «den kjente verdens siste dag», ein slags domedag som kanskje er gåtefullt avbilda i den store vevnaden som dei samanvaksne Hekne-søstrene Gunhild og Halfrid, som levde på sekstenhundretalet, brukte heile livet på å veve.
Til minne om søstrene vart dei to såkalla søsterklokkene hengt opp i den lokale stavkyrkja.
---
Roman
Lars Mytting
Skråpånatta
576 sider, Gyldendal 2023
---
Hovudpersonane i det rikt befolka avslutningsbindet er den etter kvart svært gamle presten Kai Schweigaard – han som i si tid fekk rive den gamle stavkyrkja og sendt den og ei av søsterklokkene til Dresden – og Astrid Hekne, barnebarnet til heltinna i Søsterklokkene. Den unge Astrid står ikkje på noko vis tilbake for den tøffe farmora og namnesøstera.
Bygda og verda tur-retur
Då hovudhandlinga i Skråpånatta startar, er vi på 1930-talet. Etter kvart dukkar det opp fleire nazistar, både lokale og tyske, i den fiktive bygda Butangen i Gudbrandsdalen. Kva vil no skje? Vil to brør kunne foreine søsterklokkene, slik segna fortalde, og vil dei kunne kome tilbake til Butangen?
Heilt i starten fortel Mytting om noko av forhistoria til Hekneveven og dei dramatiske hendingane då tvillingsøstrene i 1620 var i livsfare, skulda for trolldom av fogden. Bakgrunnen for denne skuldinga, var, som Mytting gjer greie for, dei nye, strenge kongelege forordningane om trolldom som Christian IV underskreiv i 1617, for å markere hundreårsdagen for den lutherske reformasjonen.
Det står noko viktig på spel i denne fabelaktige romantrilogien: Å fortelje historier og å skildre historie ved å gjere minna levande, er også aktivt motstandsarbeid
— Rolv Nøtvik Jakobsen
Lesaren veit allereie at ei av søstrene hadde vore forelska i ein skotsk leigesoldat. Den store verda utafor Butangen har i den seinare historia om søsterklokkene, vore representert av Skottland og den tyske byen Dresden. Også i bakgrunnshistoria for dei strenge trolldomsforskriftene, er det liner som peikar tilbake til Skottland. Då Christians søster Anna i 1589 skulle gifte seg med den skotske og seinare engelske kongen Jakob, gjekk både Jakob og Christian ut frå at det var hekser og trolldom som førte til uveret som nesten heldt på å øydelegge overfarten til Skottland.
[ «Hekneveven har eit stort overskot i alle ledd» ]
Jakob var levande opptatt av å nedkjempe trolldom heile livet, og fleire av Shakespeares seine skodespel, særleg då Macbeth, gjer bruk av dei utbreidde kongelege trolldomsførestillingane. I denne samanhengen legg Mytting vekt på trådane tilbake til den tyske reformatoren Martin Luther.
Motstand i ulike former
Etter den nazistiske okkupasjonen blir Astrid og fleire av hennar nærmaste involvert i motstandsarbeid. Berre fantasien kunne sette grenser for dei formene motstanden tok: «Om oss ikke kan slåst med børse, får oss slåst med gaudaost.»
Ein skreddar som er i ferd med å kome ut av skapet, syr i skjul prestedrakter til dei som skal ordinerast på Helgøya. Og Astrid sjølv gøymer våpen i mjølkespann og gjer, minneverdig nok, salmenummera frå Landstads salmebok på salmetavla til ein kode for motstandsfolket. Det fører jo sjølvsagt til at prest og organist må lide seg gjennom salmar som slettes ikkje passar i gudstenestene!
Som i dei førre bøkene og i Myttings forfattarskap i det heile, gir forfattaren også her detaljerte skildringar av den teknologiske utviklinga, av nye køyretøy, av lukta av framskritt og eksos, og av ulike handvåpen til jakt. Fleire av desse våpena er med i den oversiktlege lista bakarst av personar, gjenstandar og hendingar i trilogien. Etter kvart som krigshandlingane skrid fram, blir også langt meir øydeleggande våpen skildra.
Eg skal altså ikkje røpe for mykje om korleis det går. Men i ei viktig forsoningshandling mot slutten av verket, blir det faktisk sunge kjente salmar som passar til høvet. Og siste delen av verket og også dei siste orda det heile tonar ut i, er henta frå ein salme, denne gongen av lutheranaren Petter Dass: Slik «slekter svimler».
[ Mytting advarer mot å ta for lett på gamle kirkers betydning ]
Motstand mot gløymsla
Myttings storverk er ei frodig blanding av ofte oppdikta folkeminne og realistiske skildringar av ei samtid som ein gong var. Heller ikkje i denne romanen blir lokalbefolkningas eigenart idealisert, slik nazistane gjore det. Astrid seier sjølv: «Presten vår sa en gang at dersom slarv hadde vore en kunstart, ville Butangen-folk ha dekorert katedraler.»
Det står noko viktig på spel i denne fabelaktige romantrilogien: Å fortelje historier og å skildre historie ved å gjere minna levande, er også aktivt motstandsarbeid. Også her er det berre fantasien som set grenser for kva former slik motstand mot gløymsla kan ta.
Dei viktige minna er ofte uløyseleg knytt til gjenstandar. Derfor er kampen for å ta vare på klokkene og å tolke Heknevevnaden så viktig: Den aldrande Schweigaard anar nemleg at «når minner var tapt, satte glemselen inn».