Anmeldelser

Ein ujamn diktsamling frå Jakhelln

Cornelius Jakhellns nye bok er litt for laus og pratsom, men har sterke dikt i siste del.

Cornelius Jakhelln er framleis å rekna blant dei yngre i den norske forfattarfloraen, men med ein stor produksjon bak seg: Han har vist ein imponerande vilje til å gå sine eigne vegar utan sideblikk til moteretningar og tidsåndas krav til det korrekte.

Difor opnar eg alltid ei ny bok av Jakhelln med stor forventning. Han har overraska før, med innslag av bøker på konservativt nynorsk og med utfordande sjangeroverskridingar. Norrøn mytologi blandar seg med moderne black metal-kultur og datateknologi i denne forfattarskapen, og lærdomsdikt med kjensleutbrot, tradisjonsverdiar med radikale overskridingar av etablerte verdiar og posisjonar.

Innfrir ikkje heilt

Årets bok med den lange tittelen Min verden av vrak og vindu mot nåden innfrir diverre ikkje heilt forventningane mine. Det blir for langt mellom dei treffsikre formuleringane og dei overraskande bileta her i høve til diktbøkene han har gjeve ut før.

Han plasserer seg straks, i første avdeling, i Kristiansand, og mange av dikta er henta frå ein sørlandsk barndom og ungdom på 1980- og 90-talet. Her er eit fint bilete frå Sørlandet sykehus etter at eg-et i diktet «svever gjennom lange korridorer» og går ut, over brua og til elva der «Solen skinner på islegemer i vannet/ Alt driver mot munningen og havet/ Ser jeg min egen kropp flyte forbi?» Også vår eiga koronatid er med, i diktet «2021» løyner byen andletet sitt «Og ytterst et munnbind/ som et tegn på lydighet», og i byen dansar vi «med avstand».

Barndom og ungdom

Dikta frå ein barndom og ungdom får etter kvart eit både nostalgisk og oppramsande preg, med tanter i blomsterkjoler, mora som brettar dyna over han og les på sengekanten, hytteturar og fiskestenger med meir. Det blir rett og slett for mykje «daudkjøt» mellom formuleringar med liv og trøkk. Men i «Bobler fra min barndoms synkende båt», som søkk i tida, konstaterer han at «Hvert år blir de overlevende færre, og jeg forvandles/ fra en tjenesteyter til en museumsgjenstand.»

---

Cornelius Jakhelln

Poesi

Cornelius Jakhelln

Min verden av vrak og vindu mot nåden

100 sider, Cappelen Damm 2022

---

Oppramsing

Noko av det same gjeld for skildringane av den litt eldre unge mannen: Det blir for mykje oppramsing, for lite nysette bilete og for mange blødmer. Eg tek gjerne fri frå eldre poetars Beatles- og popmusikk-romantikk og er med over i «hardrock med synth i kjellerstuen», men tillet meg eit lite hjartesukk: Kvifor er så få poetar heime i den store européiske musikktradisjonen med høgdepunkt som Mozart og Haydn? Eg har ein mistanke om at Jakhelln kjenner slektskap med iallfall Wagners musikk.

Det blir rett og slett for mykje «daukjøt» mellom formuleringar med liv og trøkk.

—  Knut Ødegård

Slektskap er eit motiv i seg sjølv i årets bok. Det blir lange oppramsingar av poetens eigen (iallfall i fiksjonen) slektsbakgrunn, men mykje av dette blir diverre privat i den forstand at det utseier lite som vedkjem lesaren.

Privat og personleg

Diktbolken skriven etter ei utstilling av Thomas Falstad, «Vi har ingen annen høvding enn vår vilje til å erobre», har svært få bilete/formuleringar som utløyser attkjenning eller set ei med-dikting i sving. Det meste her blir ståande som litt rare påstander, til dømes diktet «XVII Det indre villdyret»: «En rovjente// Forfattet ondskap.»

Det personlege (til skilnad frå det private), derimot, saknar eg mange stader: der Jakhelln nemner problem som til dømes mobbing, trakassering, utfrysing, ser ein ikkje den som blir omtala. Eit slikt dikt heiter «Brenn Kardemomme by», dei to siste strofene er slik: «Barn mobber barn/ Ut av klassen/ Ut av tryggheten// Ut av livet/ Ut blant holmene/ i selvmordets skjærgård.» Ja, slik er det diverre, det er mange og store tragediar, men i diktet bør ein kunne sjå både offeret og gjerningsmennene.

Tatoverte minne

Eg saknar bilete som eg, lesaren, kan tre inn i. I somme dikt skjer det, til dømes i «Målmannen» der medelevane på skulen «låser (...) ham fast til et fotballmål/ med en kodelås rundt halsen.» Og det er eit fint dikt – «Hakk i plata» – der «Minnene sitter tatovert på huden din, og du blir ikke kvitt dem i dette livet/ Du kan heller ikke fjerne dem, uten å svikte den redde eleven du var». Og det ender med at du må «gå gå gå gå gå, hele veien frem til erkjennelsen om at du står står står/ på den samme utsatte flekken i en skolegård du ikke får forlate.»

Sterke avslutningsdikt

Dette diktet står mot slutten av diktsamlinga, og her finn eg dei mest utfordrande dikta og ein Jakhelln som slår til med si særeigne blanding av kulturkritikk, fandenivoldsk svart humor og innsyn i at vi står ved ein avgrunn som sivilisasjon og livsform. Aller sterkast kanskje i «Den svarte skyen» som byrjar med at «Nå smelter reaktorene igjen, og atomregnet kommer» og som sluttar slik:

.....

Nå åpner grunnen seg igjen og materialet frigjøres,

på synsranden danner det seg en svart sky. La oss

gå ned i bunkeren og puste inn fukt og mugg

fra metertykke betongvegger. Sommeren er

tiden for en ny kraft og en ny forelskelse.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser