Kultur

Å sjå verda gjennom eigne auge

FORFATTARINTERVJU: Vi er i ferd med å øydelegge jorda vår, og det er rart at vi ikkje er ute i gatene og ropar i panikk, meiner bokaktuelle Ingvild Burkey. Ni år er gått sidan sist ho gav ut bok.

«Verden er bare et forvirret øyeblikk med utflytende farger, sett fra en malt treponni på en oljet metallstang som glir opp og ned mens karusellen dreier seg og musikken speller. Det var da jeg forsto at jeg ikke fatter noen ting. At jeg er en idiot.»

Sitatet er henta frå Ingvild Burkeys nye bok Et underlig redskap, ei samling forteljingar. Det er eit godt døme på forfattaren sitt prosjekt: å utforske korleis vi menneska prøver (og feilar i) å forstå verda.

Mysterium

Vårt Land møter Ingvild Burkey heime i leilegheita på Vålerenga i Oslo.

– Det er ei bok som har oppstått over tid, fortel Burkey.

Ei stund var det umogleg for henne å skrive.

– Men så, når eg først skriv, kjem det berre – teksten ligg eit steg framfor meg, og eg klarer ikkje svare på korleis han kom til. Det er ein grunn til at eg ikkje har skrivekurs, for eg anar eigentleg ikkje korleis eg skriv, seier Burkey.

Et underlig redskap er ikkje ei bok du kan lese fort. Men du kan lese henne mange gonger. Ho er full av menneskeleg erfaring, frå ei røynd som liknar vår, frå historiske, framtidige, mytologiske og dystopiske landskap. Dei 48 forteljingane i boka kan vere heilskapelege eller meir fragmentariske. Somme er skrivne i eit tilnærma bibelsk språk, andre i eit meir leikande poetisk.

Det er politisk retorikk og filosofisk refleksjon, det er stort alvor og det er komedie. Tekstane er forskjellige, men uttrykker alle eit ønske om å klare å forstå røynda vi lever i og ei erkjenning av at det eigentleg ikkje er mogleg. Samstundes er det heilt nødvendig å prøve, om vi skal kunne leve i verda.

– Leiken med forteljarperspektiv er ei slags spegling av det verkeleg store mysteriet som denne boka tar opp, som eg ikkje klarer å sleppe, om medvit og sjølvmedvit. Det å vite at du alltid er i eit medvit, kan vere ekstremt ubehageleg, seier Burkey.

Gap mellom oss og verda

Mange kan nok kjenne seg att i erkjenninga av at ein opplever verda annleis enn andre og vanskane med å forstå seg sjølv i relasjon til andre.

– Er det slik at vi eigentleg ikkje er i stand til å forstå, verken oss sjølve eller verda vi lever i?

– Ein må operere som om ein forstår premissa for at ein skal kunne fungere i samfunnet. Samstundes vil jo tvilen og spørsmåla alltid vere der, seier Burkey.

«Verden er alt som er tilfelle.» Slik lyder setninga som opnar den tyske filosofen Ludwig Wittgensteins verk Tractatus Logico-Philosophicus. Setninga er den vakraste Burkey veit om og har også gitt tittel til ei av forteljingane i boka.

Wittgenstein meinte at verda ikkje kan vere meir for oss enn språket vi har for å skildre henne. I Et underlig redskap tematiserast ein ubalanse i samanhengen mellom språk og røynd.

– Eg har stor tru på språket når det gjeld litteratur. Du startar med eit blankt hovud, så dukkar det opp ord og setningar som gestaltar verda, ei verd som blir ulik i møte med ulike lesarar. Men når det gjeld kommunikasjon mellom menneske, kjem språket ofte til kort, folk snakkar forbi kvarandre. Og språket kan ikkje hjelpe oss med å skildre ei objektiv røynd, som – med mindre Gud eksisterer – kanskje ikkje eingong finst.

I Ingvild Burkeys nye bok Et underlig redskap tematiserast ein ubalanse i samanhengen mellom språk og røynd. Foto: Joakim S. Enger

Tomheit

Eit ord som går igjen i mange av tekstane, er tomheit, som livet verkar å vere fullt av, og som vi må akseptere at vi må leve med.

– Mange av oss er så langt frå ei handfast røynd – folk lever på telefonane sine, vi går i butikken og kjøper mango utan at vi anar kven som har plukka han. Det er lett å isolere seg i sitt eige sinn. Eigentleg er vi i ein heilt kritisk situasjon, ein meir adekvat reaksjon ville ha vore å springe ut i gata og rope i panikk, for vi er jo i ferd med å øydelegge jorda vår. Men det er så uhandterleg. Vi blir handlingslamma og abstraherer heile klimakrisa. Det er ei tomheit i gapet mellom oss og verda.

– Det kan også lesast som ei tomheit ein prøver å fylle med meining?

– Ja, det ligg ei pendelrørsle mellom meiningsfylde og meiningsløyse her. Opplevinga av tomheit er ikkje ei ny erfaring, men ei grunnleggande erkjenning vi kan sjå alt i eldgamle tekstar frå egyptisk tid, som heng saman med det å vere sjølvmedviten i verda.

Tomheita verkar også, for mange av menneska i boka, å innebere eit slags fråvær av Gud, innimellom ei lengt etter å tru. «Det hender jeg lengter etter å tro. Jeg som alltid har bekjent meg til ateismen. Men jeg ser de troende marsjere til retterstedet, og øynene deres er fulle av håp», seier forteljaren i teksten «Soldatliv». «Du lytter etter Guds stemme. Spesielt om morgenen, da fins det en nynning ... du søker trøst i den», står det i «Feilfrie fremmede».

– Kva har det å seie for menneska om Gud er der eller ikkje?

– Verda er så mykje meir interessant om Gud ikkje finst. Sjølv klarer eg ikkje å sjå for meg at det finst nokon Gud i kristen, jødisk eller muslimsk forstand, og eg har heller ikkje noko ønske om ein slik personleg Gud. I den grad eg har eit gudsomgrep, handlar det om at eg ikkje klarer sjå for meg at universet har oppstått utan at det ligg ei kraft bak. At kosmos oppstår frå materie og at tanke og sjølvmedvit utviklast frå det, er ubegripeleg.

Samfunnskritikk

I Intervju med den hjemvendte helten (2002) skriv Burkey ut ifrå erfaringane sine som menneskerettsobservatør for OSSE i Bosnia frå 1997, om krigen og følgjene av den. Også denne boka tematiserer krig i fleire av tekstane. Ho har ikkje klart å forlate Balkan heilt, men meiner krigsforteljingane i Et underlig redskap kunne vore lagt til kor som helst. Til dømes Syria.

Også i krigstematikken ser vi dette gapet mellom vår eiga og andre si røynd, ikkje minst ei eventuell objektiv røynd:

«Litt virkelighet i den stuevarme og fjernstyrte hverdagen er gull verdt, ja, her er det store penger å tjene, og rom for nye investeringer i hittil upåaktede områder, konfliktpotensialet synes jo ikke å minke med den globale befolkningsveksten, snarere tvert imot, det finnes folkeslag vi ennå ikke har hørt om engang, som for en slikk og ingenting kan overtales til å begå de grusomste overgrep mot hverandre ... Derfor blir det også brukt store penger på krigen, og enda mer på markedsføringen av krigen, og enda mye mer på regisseringen og koreograferingen og retusjeringen av krigen».

Ord som går igjen, er søppel og trafikk. Naturen verkar i mange av tekstane å vere noko fjernt. Det handlar om forbrukssamfunn, om krigens forvrengde menneskesyn, om profitt på kostnad av andre og jorda vår. Burkeys politiske engasjement skin igjennom i skarpe refleksjonar, men ho understrekar at boka ikkje har nokon bodskap.

– Ein må gjerne lese det som samfunnskritikk, for boka speglar jo samfunnet vi lever i, og det kan det vere ubehageleg å lese om. Men det er ikkje ei bok som prøver å åtvare, eller kome med løysingsforslag; samfunnskritikken er eit biprodukt av å i det heile prøve å tenkje tankar i og om den røynda vi lever i, seier Ingvild Burkey.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur