Kultur

Mentor Medier snudde underskot til overskot

MEDIER: Mediekonsernet som eig Vårt Land forbetra årsresultatet med nesten 40 millionar kroner frå 2022 til 2023.

Mentor Medier hadde eit svakt resultat i 2022, med over tjue millionar kroner i underskot før skatt. No har derimot mediekonsernet fått betre vind i segla og styrte inn til eit overskot før skatt på 18,6 millionar kroner for 2023. Den positive resultatforbetringa er altså på 39 millionar kroner, viser årsrapporten til Mentor Medier.

To av dei viktigaste grunnane til resultatforbetringa er Morgenbladet og TVL. Vårt Lands satsing på TV-kanalen TVL førte til fleire millionar i tap, noko som prega årsresultatet for 2022. TV-kanalen blei overtatt av KNIF AS og er såleis ute av resultatrekneskapet for Mentor Medier frå i fjor.

Morgenbladet bidrar til resultatforbetringa i konsernet på hovudsakleg to måtar: Avisa har fått auka pressestøtte etter å ha blitt godkjent som «nasjonal nr. 2-avis». Denne auken kom på 11,3 millionar kroner frå 2022 til 2023. I tillegg har Morgenbladet hatt ein solid abonnementsvekst, noko som gav avisa ein resultatauke på 9,3 millionar kroner.

Tydeleg resultatvekst

I tillegg melder Mentor Medier at konsernet har hatt langt betre avkastning på likviditeten i 2023 enn i 2022. Til saman teiknar det seg dermed eit bilete av eit konsern med tydeleg resultatvekst, samtidig som omsetninga i same perioden er gått noko ned. Det skjer ifølgje årsrapporten som følgje av TVL-salet og avviklinga av telefonsalselskapet Mediesalg, i tillegg til at ei gåve på over 9 millionar kroner frå Stiftelsen Dagsavisen til avisa Dagsavisen var inkludert i omsetninga for 2022.

Dagsavisen, som i 2023 kutta ti årsverk og halverte talet på papirutgåver, frå seks til tre i veka, fekk eit underskot før skatt på over fem millionar kroner – nesten det dobbelte av året før. Dagsavisen har også avvikla lokalutgåvene Demokraten og Rogalands Avis.

Oppgang for Vårt Land

Vårt Land har derimot betre tal i 2023 enn i 2022, med ein resultatauke før skatt på ni millionar kroner om ein ser bort frå nedskrivinga på ti millionar kroner som følgje av satsinga på TVL. Denne oppgangen skuldast ifølgje årsrapporten betre avkasting og betre underliggande drift. Rapporten viser at Vårt Lands brukarinntekter er gått opp med over to millionar kroner, mens annonseinntekter og pressestønad er gått noko ned.

«Styret er tilfreds med at det er gjennomført flere tiltak som har forbedret lønnsomheten totalt i Mentor Medier, og at det er lagt et godt grunnlag for fremtidig utvikling», heiter det i Mentor Mediers årsrapport.

---

Mentor Medier

  • Mentor Medier AS er eit skandinavisk mediekonsern med selskap i Noreg og Sverige.
  • I Noreg inngår avisene Vårt Land, Dagsavisen, Morgenbladet og Klar Tale. I Sverige inngår avisa Dagen.
  • I tillegg til dei publisistiske selskapa inngår selskapet Mediaconnect, som er ein sentral leverandør av abonnementssystem og kundesentertenester, og Medialogistikk, som tilbyr transport- og distribusjonstenester.
  • Per Magne Tveiten er administrerande direktør i Mentor Medier. Kristin Veierød er styreleiar.
  • Kjelde: Mentor Mediers årsrapport 2023

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur