Kultur

Kanye West skal halde gudsteneste på Coachella

Påskemorgon klokka 9 får amerikanske festivaldeltakarar sjansen til å prise Herren saman med den verdskjende rapparen. Norsk teolog og hiphop-entusiast skulle ønskje han var der sjølv.

– Eg er spent på korleis gudstenesta artar seg og håpar det lar seg gjere å strøyme ho i Norge, seier Carl Petter Opsahl, teolog ved Menighetsfakultetet i Oslo.

Ei rekke videoklipp av noko som liknar eit vekkingsmøte har florert på internett dei siste månadane og fått kjendispressa til å klø seg i hovudet. «This is the day that the Lord has made» syng koret medan Kanye West styrer samplemaskinen og smilar breitt. Dottera, North West (6), dansar med venene sine til dei gospelfiserte superhitane til faren i grøne omgivnadar i California.

Kjendismøte

– Det har vore mykje spekulasjonar kring dette. Har Kanye blitt prest? Er det pr-strategi for ei ny plate? Det er vanskeleg å seie.

Kona til West, Kim Kardashian, kallar møta for 'Sunday services' i Instagram-postane hennar. I eit intervju med Elle seier ho at opplegget er lækjande for ektemannen, og forklarar fenomenet slik: «Det er berre musikk, ikkje noko forkynning, men mannen min trur definitivt på dette, og det er ei spirituell kristen stemning der».

Søndagsgudstenestene skal ha gått føre seg kvar veke sidan januar i år, og kjendisar som David Letterman, Katy Perry og Orlando Bloom skal ifølgje Refinery29 ha delteke. Når West tek med seg gospelmusikarane til den tonegjevande festivalen Coachella, får lekmenn med festivalpass moglegheit til å få eit innblikk i seremonien.

– Eg skulle gjerne ha vore der for både musikken og det andelege, seier Opsahl.

Nytenkjande

Kanye er kjent for å ta uventa vendingar på fleire område i livet. Han vekte stor oppsikt då han sto han fram som ven og supporter av Donald Trump, og under ei prisutdeling tok han mikrofonen frå prisvinnaren, Taylor Swift, og sa at Beyoncé skulle ha vunne. I fjor kunne han ikkje uventa fortelje at han har blitt diagnostisert med bipolar liding, og sleppte eit album kor det stod «I hate being Bi-Polar, it's awesome» på coveret.

– Han er ein trickster – ting snur fort med han. Musikalsk går han gjerne mot trendar og gjer ting berre fordi han har råd til det.

– Trur du søndagsgudstenestene eit pr-stunt eller eit oppriktig ønske om å prise Herren?

– Det kan nok vere del av ein marknadsføringsstrategi, men det kan vere fleire ting på ein gong. I Norge er vi gjerne skeptiske til å kombinere kyrkje og underhaldning. Det har dei ein større tradisjon for i amerikanske kyrkjesamfunn. Vår kyrkjemusikalske tradisjon er veldig flott og viktig å ta vare på, men det er vanskeleg for folk å kople seg på han. Musikken til Kanye er gjenkjenneleg og aktuell for mange. Det kan vi lære noko av.

Ifølgje Opsahl er det ikkje så viktig kva artisten tenker eller meiner.

– Mange er opptekne av kva artisten legg i verket, men det viktigaste er korleis lyttaren mottek kunsten. Eg trur ein kan få ei åndeleg oppleving uansett kva agenda som ligg bak.

Kristen bakgrunn

Dei stormannsgale tendensene til Kanye kjenner få grenser. På albumet «Yeezus» frå 2013, flyt skiljelinjene mellom menneske og gud saman når han messar «I am a God / Even though I'm a man of God».

– Kva rolle har kristendomen spelt i livet til Kanye?

– Han har skrive ein memoir kor han skriv om å vekse opp i ei kyrkje, og han brukt mykje spirituell tematikk tidlegare i musikken. Men når han kallar seg sjølv Yeezus, byrjar ein lure på kva han held på med.

Opsahl har likevel sansen for Kanyes kunst.

– Han har ein sterk kunstnarisk visjon. Eg budde i New York tidleg på 2000-talet før han slo gjennom. På denne tida sirkulerte nokre mixtaper med musikken hans. Det var sterke saker - han hadde ei heilt ny stemme.

Coachella har rykte på seg for å vere ein av verdas mest prestisjefylte festivalar, og er kjent for å tenke nytt. I 2012 kom til dømes avdøde Tupac til syne på scena i form av eit Hologram, og den høgteknologiske Daft Punk-konserten i 2006 står skriven i historiebøkene. I år er truleg akustiske instrument og nedstrippa gospelmusikk det mest fornyande festivalen har å by på.

– Coachella er ein innovativ festival, så dei har nok skjønt at det kan bli noko spesielt med søndagsgudstenesta til Kanye.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur