Staden treng eigen prest og eit nytt pilegrimssenter, seier stiftsdirektør Helge Taranrød.
Bispedømmet i vest er ikkje nøgd med plassen Selja har fått i Kyrkje- og kulturdepartementet sin rapport «På livets vei. Pilegrimsmotivet et nasjonalut utviklingsprosjekt.»
I eit vedtak frå Bjørgvin bispedømmeråd heiter det at «pilegrimsvegen langs kysten må setjast meir tydeleg i fokus, dersom satsinga skal få ein nasjonal karakter.»
Under Røldal. I departementet sin rapport, som vart lagt fram i fjor haust og som no er ute på høyring, blir Røldal tilgodesett som eit regionalt pilegrimssenter.
«Senteret bør ha et samarbeid med Selja som pilegrimssted,» heiter det i rapporten, og dette er ikkje Bjørgvin nøgd med.
Stiftsdirektør Helge Taranrød meiner Selja er så viktig både som sjølvstendig pilegrimsstad og som stoppestad på sjøvegen fra kontinentet til Nidaros, at det vil være naturleg at Selja får same status som mellom andre Røldal, det vil seie som knutepunkt i nettverket av pilegrimsmål.
I høyringsuttalen vil Bjørgvin bispedøme be om at Selja får eigen pilegrimsprest og at det blir bygt eit pilegrimssenter i tilknytning til staden.
Nord-vegen. Om eit slikt senter skal byggjast på øya eller på fastlandet i Selje, har stiftsdirektøren inga meining om på dette tidspunktet.
I ei slik avgjerd er det naturleg å legge vekt på lokale synspunkt, seier han til Vårt Land.
Er departementet sitt opplegg for sterkt prega av satsinga på Nidaros som pilegrimsmål?
Det er heilt naturleg at Nidaros har ein sentral plass i satsinga. Men skal satsinga ha verkeleg nasjonal karakter, må vegen langs kysten kome meir i fokus. Nord-vegen er jo vegen som har gitt namn til landet vårt, påpeikar stiftsdirektøren i Bjørgvin.






