Når skal ein ta ordet? Først, rett før pausen eller er det viktigast å få siste ord?
Det kjem an på kva ein vil oppnå. Dersom ein vil vere med på å prega debatten er det viktig å få ordet i starten. Eit godt innlegg i starten kan leggja sterke føringar på resten av debatten. I nokre tilfeller er det viktig å oppsummere ein debatt med sterke argument. Det siste som blir sagt, blir som regel hugsa på lengre enn det som blir sagt midt i ein debatt.
Korleis sikrar ein seg i tilfelle at ein får siste ord?
Siste ord. Det kan du aldri sikre deg med meir du er leiar og kan forlange siste ordet. Men vent til det blir satt strek og meld deg like etter at ein har meldt om at «strek blir sett under neste innlegg».
Kor mange gonger kan ein ta ordet før folk mumlar «møteplagar»?
Ingen regel her, men ein merkar det nok på forsamlinga om ein er møteplagar. Vel dine innlegg med omhug og førebu deg godt.
Kva er den beste førebuinga til ein debatt?
Kjenn saka, les sakspapira godt og ver konkret. Svada blir lett overhøyrt.
Kor lurt er det å avtale med andre om kva ein skal seie og når ein vil ta ordet?
Det kan vera strategisk å planleggje litt. Få fleire til å underbyggje innlegget ditt. Du kan også understreke gode poeng hos andre.
Korleis vil du skildre dei beste argumenta?
Kort og konsist. Dei er korte, konsise, konkrete og saklege.
Kva er ikkje akseptabelt å seie i eit slikt møte?
Har ingen eksempel, men eg likar ikkje når ein gjentar seg sjølv eller eg ser og høyrer tydeleg at ein eigentleg ikkje har noko viktig på hjarta. Mange vil vise seg fram og går på talarstolen berre for å ha gjort det. Innhaldet kan vere så som så. Om det er slik på generalforsamlingar, veit eg ikkje så mykje om, men slik er det i alle fall i politikken.






