Er du kristen og singel, på nyttelaus jakt etter ein å dele livet med?

Den første helga i desember kan du vere eit steg nærare målet. Då er det SK22+ , eit singeltreff for menn og kvinner over 22 år i Bedehus-Norge. På Sætervika ungdomssenter i Samnanger blir det teambuilding, festmiddag, bibel og musikk, skriv Sambåndet.

Kvifor treng single i Bedehus-Noreg eit eige treff?

Folk ynskjer å finne ein å dele livet med. Mange kristne vil ha ein kristen ektefelle, men det er ikkje alltid så mange å velje mellom der du bur. SK22+ skal skape kontakt mellom kristne frå ulike stadar, seier arrangør Siri Hitland frå Samnanger Indremisjon, som står bak treffet.

På singeltreffet veit dei påmelde at dei andre deltakarane er på utkikk etter ein å dele livet med.

Når du veit at andre er på leit, er det kanskje lettare å finne den rette, seier Hitland til Vårt Land.

Ledig. Det er plass til 60 deltakarar, og påmeldingsfristen går ut måndag 1. desember. Skulle det vere ledig plass etter denne datoen, er det også rom for etternølarar. Påmeldinga er hemmeleg for at det ikkje skal styre dei som melder seg på. Det er heller ikkje kjent kor mange som er påmelde, berre at det er nok til at treffet vert arrangert og at det er om lag like mange av begge kjønn.

Dei fleste påmelde kjem frå Bergen og omegn, men i utgangspunktet er vi opne for folk frå heile landet.

Kan pinsevener og folk frå statskyrkja også melde seg på?

Ja, vi inviterer ut over Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet, seier Hitland.

Fleire single. Ho har inntrykk av at det er fleire kristne single i dag enn tidlegare.

Kan hende folk er for låst i ei sosial setting der det er vanskeleg å treffe nye. Og er ein med i ein jentegjeng, kan det vere vanskeleg for ein å finne seg ein kjærast i ubevisst frykt for at det kan «øydeleggje» gjengen, seier Hitland.

«Den rette». Temaet for helga er «Korleis finne den rette?» ved familieterapeut Irene Ludvigsen frå Sandsli familiesenter. Hitland ynskjer å nyansere mediebiletet av at det finnes ein rett å dele livet med.

Mange har eit bilete av korleis den rette er. Særskilt jenter tenkjer på korleis drøymemannen skal vere. Eg vil heller seie at den du giftar deg med, blir den rette for deg.

Men Hitland sjølv er ikkje på utkikk etter nokon på treffet. Ho er gift og har to born.