Pater Kjell Arild Pollestad namngjev seg sjølv i dagens Aftenposten etter at pater Reidar Voith i anonym form har skulda han for «voldtektsforsøk».

I eit innlegg i dagens Aftenposten gjev Pollestad sin versjon. Samtidig kunngjer han at han i dag, nøyaktig 30 år etter at han vart prestevigd, sluttar som prest i Den katolske kyrkja.

LES OGSÅ VÅRT LANDS NETTLEIAR: Pollestads forsvar

To uvener. Han går også svært langt i å hevda at to uvenner av han i bispegården i Oslo har gjort det dei har kunna for å fjerne han. Eit av ankepunkta har handla om korleis Pollestad i to bøker har framstilt homofili.

Sokneprest Reidar Voith sa til VG sist veke at han vart utsett for «det han karkteriserer som misbruk av voldelig og seksuell art fra en eldre prest, som i praksis fungerte som hans mentor» då Voith var prestestudent. Dette skal ifølgje Voith ha skjedd to gonger. Han omtalte mentoren som ein han hadde full tillit til og at det som skjedde var «hinsides» det han hadde venta frå ein slik mann. Voith sjølv valde å ikkje politimelde det som hende.

LES OGSÅ: Vatikanet: Overgrepssaker må anmeldes

Ikkje namngitt. Vårt Land har omtalt skuldingane mot den kjende pateren, forfattaren og reiseleiaren. Men ingen har brukt namnet hans. Ikkje før Pollestad gjer det sjølv.

LES OGSÅ: Tiggerprest med 815.000 i formue

Og han er svært konkret i si tilbakevising av alle skuldingar som har vore framme no og den gongen han i 2005 vart landsforvist til Paris. Og han fortel korleis to tenestemenn i biskopens administrasjon alt i 1987 fekk Pollestad fjerna som leiar for Katolsk informasjonsteneste «ved å ta fra meg mitt kontor og tilby meg et kott».

Han skriv om korleis Voith midt på 90-talet var i praksis hos Pollestad medan han studerte ved eit presteseminar i München. Han skriv at prestestudenten nærast blei som ein son for han. Men: «Han fikk aldri en berøring som ikke en far kunne ha gitt sin sønn, eller en onkel sin nevø eller niese».

LES OGSÅ: Landsforvist etter overgrepssak

«Jusstudenten». Voith hadde også, skriv Pollestad, ein jamngammal ven, ein jusstudent, som ofte var saman med dei. I den første versjonen av overgreps-skuldingane skal det ha vore denne jusstudenten, ikkje Voith, Pollestad skal ha forført. Jusstudenten har for sin del, alt i 1997, skrive eit langt brev til biskopen og avsanna alle skuldingar og redegjort i detalj for det forhøyret han vart utsett for hausten 1996 «hos en av mine to uvenner i bispegården».

Han skriv også at Voith inviterte Pollestad då Voith vart prestevigd, men Pollestad skriv at han sa nei så lenge Voith ikkje hadde trekt tilbake skuldingane. «Siden har vi vært sammen i vennlige former, sist i hans prestegård i fjor sommer, i særdeles mange vitners nærvær».

DEBATTANT PÅ VERDIDEBATT.NO, SEI MEININGA DI: «HEKSEJAKT MOT POLLESTAD»

Slutter. Han skriv også at han har bestemt seg for å nedleggje sitt embete og slutte som prest. «Biskopen har sagt i klare ord at han ikke har bruk for meg i Norge, og det var blant mine egne jeg ville virke.»

Pollestad seier til Aftenposten at han ikkje vil kommentere saka utover det som står i innlegget. Vårt Land har også gjort ei rad forsøk på å få Pollestad i tale sidan slutten av sist veke, men han har ikkje svart.

Vårt Land skreiv laurdag at forflytninga av den kjende pateren, som no altså namngjev seg sjølv, var ei disiplinærsak frå høgste hald. Den handla om at presten stod for eit homofilisyn klart i strid med det kyrkjelege synet. Men avgjerande, skreiv Vårt Land, var at Vatikanet også fekk innsyn i gamle forhold - eitt av dei gjaldt Voith.

 

Eidsvig trur Voith. Eidsvig har stadfesta at forklaringane frå Voith gjorde sitt til at presten, altså Pollestad, måtte forlate stillinga si. Dette var før Eidsvig blei biskop i Oslo. Eidsvig sa til Vårt Land laurdag:

«Jeg vet nok om dette til å tro på Reidars historie». På spørsmål om hvem som kan stadfeste dette, sa Eidsvig:

«Korrespondansen om presten gikk via dominikanerne, og det var de som ble pålagt å ta ham ut av landet, og å gi en form for terapi eller rådgivning».

 

«Polarisering». Pollestad har også på dette punktet ein heilt annan versjon. Han skriv korleis den omtalte jusstudenten avsanna skuldingane i eit brev til biskopen. «Jeg hadde inntrykk av at visitator (granskaren frå Roma) trodde meg, og i ettertid ble jeg ikke fratatt noen av mine prestelige rettigheter. Derimot ønsket Roma at både jeg og min fremste uvenn skulle være fraværende fra bispedømmet i to år, fordi vi ‘bidro til polarisering’, og jeg ble høsten 2005 sendt til Paris, hvor jeg siden helt frivillig er blitt værende og gjerne blir».

LES OGSÅ RIMEHAUGS KOMMENTAR: Broderskapet som sviktet

Avlyst. Søndag fortalte Reidar Voith, som er katolsk sokneprest i Porsgrunn, til Varden at han ville ha eot møte med kyrkjelyden torsdag kveld og orientere om alt som har skjedd. I går fortalte han at møtet var blitt avlyst.

«Det vil være en umulighet å forklare denne saken for menigheten og for kirkegjengere, i ro og mak», sa Voith til Varden i går. Ordren om å avlyse møtet kom frå biskop Eidsvig.