LES OGSÅ:Avviser at konspirasjon fikk Pollestad flyttet

LES OGSÅ: Eksstatsråd støtter Pollestad

LES OGSÅ: Pollestad står fram – avviser alle skuldingar

LES OGSÅ: Landsforvist etter overgrepssak

Pater Kjell Arild Pollestad som annonserte sin dramatiske avgang som prest i ein kronikk for snart to veker sidan, har ombestemt seg.

I eit intervju i programposten «Viggo på lørdag» i NRK fjernsynet i kveld sa han at han vil halde fram som prest og at han ikkje vil at fiendane hans skal lukkast i å fjerne han frå prestetenesta.

– Eg vil møte skuldingane om voldtektsforsøk med rak rygg og halde fram som prest.

Pollestad annonserte avgangen sin då han i eit innlegg i Aftenposten tok til motmæle mot skuldingane frå sokneprest Reidar Voith i Porsgrunn. Voith har hevda at han vart utsett for voldtektsforsøk i to situasjonar då Voith var 23 år gammal.

SJÅ NRK-INTERVJUET PÅ NRKS NETT-TV

Utfall. I kveld gjentok han og styrka utfalla mot Voith og avviste det Pollestad meiner er grunnlause skuldingar om voldtektsforsøk. Han hadde ein heilt annan versjon av kva som hende på Høvringen høgfjellshotell i august 1994 og i Roma to månader seinare. Pollestad drog også truverdet til Voith i tvil ved å seie at ein mann som skuldar nokon for valdtektsforsøk, i alle fall må hugse når det skjedde, sidan Voith har sagt det skjedde i 1992.

– Eg er altfor makeleg til å vere valdeleg. Mitt hugse er tydeleg heilt annleis enn Voiths, sa Pollestad som i detalj gjekk gjennom det han hugsa frå dei to episodane.

 

Som ein son. Pollestad gjentok først det han skreiv i Aftenposten-kronikken om at Voith blei som ein son for han og at han vart svært glad i 17-åringen då dei vart kjende.

Han skildra korleis han brukte klemming for at Voith skulle «få kontakt med sin kroppslighet» sidan Voith, ifølgje Pollestad. – Eg gav han ofte en klem. Han var så mykje hovud og så lite kropp. Han verka så abstrakt og uinkarnert, hevda Pollestad. Han sa at han alltid klemmer, slik skikken er i latinske land.

 

Ut mot Vårt Land. Pollestad gjekk også hardt ut mot Vårt Land som han sa hadde stått for «den mest ondskapsfulle» journalistikken då skuldingane mot Pollestad kom opp – og før Pollestad sjølv namngav seg.

– Det er merkeleg at den kristelege avisa har vore verst. Ingen kan måle seg med Vårt Land. Dei skulle undersøkje heile livet mitt.

Fiendar. Pollestad sa at det var ein klikk av fiendar knytte til bispeadministrasjonen i Oslo som frå slutten av 80-talet hadde gjort det dei kunne for først å fjerne han frå jobben som leiar av den katolske informasjonstenesta og deretter ville knekkje han som prest.

Pollestad nekta å namngje desse, han ville heller ikkje karakterisere dei.

– Eg snur det andre kinnet til. Det er ikkje vonde menneske som er drivne av geistleg misunnelse, sa Pollestad.

Men han snudde altså definitivt ikkje det andre kinnet til i omtalen av Reidar Voith.

Han hevda av Voith hadde vore sjalu på andre unge menn i Pollestads nærvær.

– Eg har ikkje skadd Voith. Han er blitt skadd av andre, han er blitt brukt av dei som ville få meg bort, sa Pollestad.

Voith. Johansen opplyste at Voith var kjend med alle påstandane frå Pollestad, men at Voith ikkje ville kommentere noko sidan saka er hos politiet. Han seier til NRK at hans versjon vart funnen truverdig då saka vart meld til Oslo katolske bispedømme og etterforska av Vatikanets Truskongregasjon.

LES OGSÅ:Etterforskningen i gang i Voith-saken

Homosex. Pollestad sa han ikkje gruar seg til politietterforskinga sidan han ikkje har gjort noko straffbart. Han vart spurt om synet på homoseksualitet. Pollestad sa at all sex utanfor ekteskapet, anten det er heterofil eller homofilt, er synd ifølgje den kristne læra. Han kalla den nye ekteskapslova for absurd.

Men han sa også at det er betre at ein homofil lever i eit fast forhold enn å springe rundt med mange, og at det er betre å dele ut kondomar i Afrika enn at folk skal bli smitta av aids, sjølv om det ikkje er det ideelle.

Støtte. Pollestad sa at han har fått mykje støtte. Han har stor tiltru til biskop Bernt Eidsvig. Han sa også at biskopar i tidlegare tider skulle verne sine prestar uansett, og det vare gale. I dag sa han at det er det motsette som skjer. Han sa at etter at Kreml ramla, er den katolske kyrkja den einaste institusjonen der ein kan tru på ein anklagar utan å høyre på den anklaga.

– Biskopen stør Voith i ein håplaus situasjon. Men eg kan ikkje tru at han trur eg har gjort eit valdtektsforsøk, sa Pollestad.

VERDIDEBATT: Heksejakt mot Pollestad