Fristen for supplerande nominasjon til bispedømerådsvalet går ut onsdag 1. juni, men allereie førre veke vart det klart at Morland hadde fått nok støtte til ein plass på lista.

Morland blei spurt om å stille til attval, men blei vraka fordi han er ordinert prest.

– Mange gav uttrykk for at det var ei urimeleg avgjerd som vart teken av nominasjonskomiteen. Egil Morland var valt av lekfolk og foreslått av lekfolk, og hadde røynsle frå siste bispedømeråd og var viljug til å stå som kandidat. Då vart det ein reaksjon der fleire med undring gav uttrykk for at han ikkje vart renominert, seier Helge Unneland, sokneprest i Sund.

– Ikkje vanskeleg. Han tok initiativ til å nominere Morland, skreiv lesarbrev i lokalavisene Vestnytt og Askøyværingen og distribuerte lister. Det er krav om at 100 kyrkjemedlemer frå tre ulike sokn skal stille seg bak ein slik nominasjon. Denne veka leverte Unneland ei liste med 225 namn som stiller seg bak Morland.

– Det var ikkje vanskeleg. Det har vore ei overveldande oppslutning om kandidaturen hans, seier Unneland.

Sidan Unneland er prest, kan han ikkje sjølv stå som forslagsstiller. Det gjer derimot Ole Vik i Øygarden sokn, Morten Nygaard i Fjell sokn og Arne Dåvøy i Sund sokn.

– Trur du ekstraomgangen kan styrke Morlands kandidatur i staden for svekke det?

- Det er mitt håp. Mange ser det urimelege i det som har skjedd, seier Unneland.

Reaksjonar. Det vakte oppsikt at nominasjonskomiteen i Bjørgvin valde å vrake den profilerte kandidaten frå lista. Han sit i bispedømerådet og dermed i Kyrkjemøtet i denne perioden. Leiar av nominasjonskomiteen, Madli Kvamme Hannisdal, opplyste at dei hadde hatt ein prinsipiell diskusjon der dei ikkje ville at ein som er ordinert prest skal få plass på kvote for leke medlemmer av rådet.

Det reagerte Morland på og synte til at to av dei mest profilerte medlemene av Kyrkjemøtet, teologiprofessor Harald Hegstad og Øivind Benestad frå Agder, begge er ordinerte prestar og nominert på nytt.

– Det er rart at lokale komitear tek ei slik avgjerd før kyrkja bestemmer seg, sa Morland då vrakinga vart kjent.

Morland hadde siste stilling som kyrkjelydsprest i 1989. Han er i dag førstelektor ved Norsk Lærarakademi.

Ny prest på lista. I Bjørgvin er det også foreslått ein prest ved den supplerande nominasjonen. Det er sokneprest i Landås menighet, Thor Sommerseth, som er føreslått av Svenn Martinsen og Ronny Heimli.

Det er krav om at prestar som skal inn på lista i den supplerande nominasjonen treng minst 10 forslagsstillarar som skal vere prestar frå minst to prosti. Sommerseth har 15 prestar på forslagslista.