Forslaget om kraftig omorganisering i Misjonssambandets arbeid i Noreg fekk ei blanda mottaking på rådsmøtet på Holmavatn på Varhaug laurdag. Ei rekkje nye forslag frå rådsmøtet gjorde at det på eit tidspunkt ikkje var sikkert at hovudstyrets vilje om å redusere talet på krinsar ville få fleirtal.

Rådsmøtet slutta seg likevel til hovudstyrets forslag, men med ei rekkje justeringsforslag på slep.

Hovudstyremedlem Terje Eggebø har leia ein komité har som utarbeidd det nye forslaget. Han var godt nøgd med resultatet.

Kan bli fleire. Forslaga hovudstyret no har fått frå rådsmøtet, ber dei mellom anna ta stilling til om dei to nordlegaste regionane vert for store.

Det er store skilnader frå område til område i landet, og det må vi ta på alvor. Nokon ynskte å vite kva regionane skulle innehalde og kor stor fridom dei får. Det må det jobbast meir med. I den nordlegaste regionen vil einskilde måtte reise hundre mil for å kome til krinsmøte. Der kan det vere i orden at dei har tre krinsmøte. Det jobbar vi vidare med, seier Eggebø.

No skal hovudstyret handsame innspela frå rådsmøtet, justere forslaget og sende det på høyring til krisane. Deretter kjem saka opp til endeleg vedtak på generalforsamlinga i juli neste sommar.

Andre forslag. Under debatten vart det også stilt spørsmål ved om kostnadane til administrasjon verkeleg kom til å bli kutta med 8,8 millionar, slik det ligg inne i forslaget frå hovudstyret. Ikkje alle var nøgde med den ti siders innstillinga og ville ha meir utgreiing og ny høyringsrunde før det vert fatta vedtak. Det forslaget vart sendt over til hovudstyret.

Eit forslag om å kutte alle krinsgrenser fekk lita oppslutning.

Eit forslag om å halde fast på dagens ordning, fekk ingen røyster. Forslaget var fremja av ein representant utan røysterett.

Kutte 11 kontor. Hovudstyret har også gjort klart at ingen skal miste jobben i organisasjonen, men at nokon må rekne med omstillingar. Pengar og tilsette som vert til overs, skal brukast til lokalt arbeid i regionane.

Hovudstyret foreslo for rådsmøtet også i større grad å satse på forsamlingar, særskilt i område der ein kretsadministrasjon forsvinn. Viss dei føreslegne seks regionane vert vedteke, forsvinn krinsadministrasjonar i Namsos, Bodø, Finnsnes, Kristiansund, Trondheim, Førde, Haugesund, Skien, Stokke i Vestfold, Bybrua i Oppland og Brumunddal.

Det vert oppretta eit nytt kontor i Tromsø.

Sparetiltak. Det var dårleg økonomi som i fjor sette fart i arbeidet med å forenkle Misjonssambandets organisasjon i Noreg.

Også på nittitalet vart det forsøkt å forenkle organisasjonen i Noreg, men eit forslag frå hovudstyret den gong stranda. Ei sterk oppmoding frå misjonsleiinga til krinsar om å slå seg saman friviljug, førte berre til at Oslo og Drammen fann saman. Resten var uendra.

Dagens 16 krinsar varierer sterkt i storleik og omsetjing. Nordland hadde ifølgje fjorårets budsjett ein inntekt på 870 000 kroner, medan Stavanger hadde budsjettert inntekter på 33,8 millionar kroner.

LES OGSÅ: Vil etablere eget trossamfunn

DEBATT: Hva synes du om at Misjonssambandet oppretter et trossamfunn?