– Urimeleg, seier Morland om grunngjevinga. Han sit no i bispedømerådet og kyrkjemøtet og tok attval. Men då han fekk lista med nominerte tilsendt før helga, fann han ikkje namnet sitt.

– Er godt representert. Leiar av nominasjonskomiteen, Madli Kvamme Hannisdal, avviser at vrakinga har samanheng med Morlands konservative syn i samlivsetiske spørsmål.

– Nei, absolutt ikkje. Vi var klare på at begge syn skulle vere representert, seier ho.

Derimot vart Morland vraka fordi han er ordinert som prest. Eit fleirtal i nominasjonskomiteen ville ikkje at ein prest skulle oppta ein plass på kvota for leke medlemer.

– Ordinert. – Det vart stilt spørsmål om han er lek eller om han representerer prestane, seier Kvamme Hannisdal.

- Men han jobbar ikkje som prest?

– Han er ordinert og kan når som helst gå inn i ei prestestilling.

– Sjekka de regelverket om ordinerte prestar kan nominerast som leke?

– Nei, det vart ein prinsipiell diskusjon. Det vart sagt i komiteen at prestane er godt representerte sidan dei har sine eigne kandidatar. Det har ingenting med hans person å gjere. Han er ein dyktig mann. Men det må vere ein balanse mellom leke og ordinerte. Ein kan kome i ein situasjon der ein får mange prestar mellom dei leke medlemene.

– Demokratisk problem. Morland reagerer på grunngjevinga og viser til at to av dei mest profilerte medlemene av Kyrkjemøtet, teologiprofessor Harald Hegstad og Øivind Benestad frå Agder, begge er i same situasjon. Dei er begge nominert på nytt.

– Når ein vert spurt, reknar ein med at kandidaturet ikkje er omstridd av formelle grunnar. Dette vil nok bli teke opp i det nye regelverket, men eg synest det er rart at lokale komitear tek ei slik avgjerd før kyrkja bestemmer seg, seier Morland.

Han hadde siste stilling som kyrkjelydsprest i 1989. Han er i dag førstelektor ved Norsk Lærarakademi.

– Opplever du det som ei form for valforbod for ordinerte prestar som ikkje er i presteteneste?

– Det er realiteten viss ein meiner at ein av prinsipielle grunnar ikkje kan stå på lista, men heller ikkje stå på andre lister. Her har vi eit demokratisk problem, seier Morland.

Sju på lekkvota. Ved førre kyrkjeval vart sju teologar, mellom dei seks ordinerte prestar, valt inn på kvota for lekfolk. I Agder og Telemark var heile fem av ti bispedømmerådsmedlemer teologar. Biskop Olav Skjevesland sa til Vårt Land etter valet at omgrepet «lek» som tradisjonelt har stått i motsetnad til «lærd» bør kastast på skraphaugen, men at han forstod at dei mange teologane kunne vekkje reaksjonar.

– Men formelt er dette heilt greitt. Teologane som er valt inn i kategorien «leke», er ikkje tilsett i offentleg prestestilling, og då er dei etter definisjonen i Kyrkjelova å rekne som lekfolk. Men dei som i utgongspunktet laga desse ordningane tenkte nok på lekfolk i gamal forstand, altså lekfolk utan teologisk utdanning, sa biskopen i Agder og Telemark.

Ny sjanse. Framleis er det mogeleg å påverke kven som skal stille til kyrkjeval i september. Fram til 1. juni er det såkalla suppleringsval der kyrkjemedlemer kan foreslå andre kandidatar. Dersom 100 kyrkjemedlemer fordelt på tre kyrkjelydar i eitt prosti fremjar ein kandidat, kjem han eller ho automatisk på vallista.

Og det er stor sjanse for at dei som vert nominert i ekstraomgangen får plass i bispedømerådet. Ved førre val i 2009 vart det føreteke 29 supplerande nominasjonar. Heile 19 av desse vart valt til bispedømeråda.

Morland fekk fredag tilsendt nominasjonskomiteens liste frå valansvarleg på bispedømekontoret. Då oppdaga han at hans namn ikkje var der.

– Eg har fått nok signal i løpet av helga om at eg kjem til å bli nominert likevel, seier Morland.

Skjeldal sluttar. I Bjørgvin er det berre to av dagens sju medlemer som står på nominasjonskomiteen si liste. Det er seniorrådgjevar og tidlegare stortingsrepresentant Ingmar Ljones og leiar for sjølvhjelpssenteret Batteriet Cathrine Halstensen (33).

Mangeårig bispedømerådsleiar Magne Skjeldal frå Voss har takka nei til attval. Heller ikkje Henny Koppen frå Stryn og Bodil Birkenes frå Askøy tek attval. Monica Ugulsvik frå Indre Sogn stiller som kandidat for leke kyrkjelege tilsette etter å ha vore lek representant i ein periode.