Trass i eit fleirtal frå Hareid sokneråd, vart Gøril Daltveit og Anne Marie Aunes Overå nekta velsigning i Hareid kyrkje i samband med giftemålet dei skal inngå. Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, greip inn og nekta dei to kvinnene å inngå giftemål i kyrkja.
- Det er fordi dette er ei sak det ikkje er opp til soknerådet å avgjere. Soknerådet disponerer kyrkja i samband med utleige, men den kan ikkje leigast ut til ei forbønshandling som i dag ikkje eksisterer i kyrkja vår, seier biskopen til NRK Møre og Romsdal.
Finne annan stad. Dei to kvinnene hadde planlagt ei humanistisk vigsling for å formalisere ekteskapet. Men dei ønskte i tillegg å få kyrkja si velsigning av samlivet, då dei begge har eit nært forhold til kyrkja.
- Vi har vore aktive i kyrkja opp gjennom åra, og ønskte å leggje fram ekteskapet vårt for Gud gjennom bøn, seier Gøril Daltveit.
Friluft? Det kommande ekteparet vonar framleis at det vil bli ei ordning, der ei kyrkjeleg velsigning kan finne stad. Om ikkje vil kvinnene sjå seg om etter eit anna lokale der dei kan gjennomføre velsigninga, eller gjennomføre den ute i friluft.






