Eit samla hovudstyre meiner at det ikkje er nødvendig med grunnregelendringar for å opprette eit trussamfunn, seier generalsekretær Ola Tulluan.
Dermed held det at halvparten av delegatane på generalforsamlinga i Bergen 8.-12. juli røyster for eit trussamfunn. Hadde det vore grunnregelendring, måtte eit vedtak hatt 2/3 fleirtal.
Vårt Land kjenner til at det truleg vil kome forslag frå salen om at saka likevel skal vere grunnregelendring.
Delt styre. Hovudstyret delte seg i helga då dei diskuterte trussamfunn. Eit fleirtal på fem røysta for og eit mindretal på to, Lars Gaute Jøssang og Karl Roth, røysta mot.
Jøssang vurderer å fremje eit motforslag.
Det vil i tilfelle vere eit utsetjingsforslag. Viss vi set ned ein kyrkjekommisjon, kan det hende dei vil konkludere med at det skal opprettast eit trussamfunn, men eg og andre er ikkje klare til å gjere eit radikalt vedtak no. Eit vedtak inneber at vi opprettar ei frikyrkje. I vår tradisjon er det dramatisk. Difor må vi bruke meir tid, seier Jøssang.
Statuttar. Misjonssambandet har laga utkast til statuttar til eit nytt trussamfunn, som er lagt fram til orientering for hovudstyret.
I statuttane er det lagt opp til at hovudstyret i Misjonssambandet skal oppnemne styre i det nye trussamfunnet.
Vil det seie at alle i hovudstyret må vere medlem i trussamfunnet?
Nei, men dei som vert oppnemnde i styret må vere medlemar.
Les meir om saker til Misjonssambandets generalforsamling i papiravisa tysdag.






