Trusselen kjem frå regjeringa i Beijing, melder det katolske nyhendebyrået cwnews.com. Men trusselen er ikkje meir konkret enn at det er tale om «få følgjer».

Etter planen skal Tibets andelege leiar møte pave Benedikt i desember. Møte mellom Dalai Lama og politiske og religiøse leiarar blir alltid sterkt kritiserte av Kinas styresmakter.

Kristeligt Dagblad melder at forholdet mellom den romersk-katolske kyrkja og Kinas regjering har vore spent den siste tida. Den katolske kyrkja insisterer på å utnemne nye biskopar, medan Beijing steilt hevdar at kyrkja i Kina ikkje skal bli diktert utanfrå. Vatikanet har difor måtta godta at Kinas katolikkar har peika ut kandidaten til stillinga som biskop i Beijing.