– Eg har inga framtid i Den norske kyrka dersom dette er det endelege svaret frå biskopane. No må vi konsultere Carissimi-gruppe for å vurdere kva steg vi kan ta vidare. Førebels trekker eg ingen individuell konklusjon.
Det seier Carissimi-talsmann og sokneprest Dag Øivind Østereng til Vårt Land etter at Bispemøtet i Den norske kyrkja denne veka vende tommelen ned for alternativ tilsyn. Carissmi sitt ønske om midlertidige kriseløysingar blei ikkje besvart av biskopane.
Saknar svar. I følgje Østereng står og fell Carissimi sin plan med at kyrkjeleiinga kjem dei i møte når det gjeld alternativt tilsyn i bispedøme med homofililiberale biskoper. Etter Carissimi sitt syn har saka vedkjenningsstatus, og dette har dei bede biskopane avklåre.
– Eg merkar meg at Bispemøtet ikkje svarar på dette og andre sentrale spørsmål vi stiller. Vi vil vite om det er rom for oss i Den norske kyrkja, og det svarar dei heller ikkje skikkeleg på.
– Så langt kan svaret tyde på at dei ikkje meiner det er rom for oss. Då kan dei like godt seie det i klårtekst. Slik saka no står, har dei indirekte sett oss på oppseiing, meiner Østereng, som er sokneprest i Ulvik i Bjørgvin bispedøme.
Ingen plan B. – Har de ein «plan B» dersom de ikkje får gjennomslag for kravet om alternativt tilsyn?
– Nei, ein slik plan har vi ikkje. Men du kan kanskje seie at vi er såpass mange at vi kunne skape det rommet vi treng uavhengig av kva Bispemøtet gjer. I ei tid med prestemangel torer dei vel ikkje seie opp 110 prestar. Det ville vere ein absurd situasjon, seier Østereng.
I dag sende Østereng eit nytt brev til Bispemøtet, der han ber dei sjå på saka på nytt:
"Vi kan ikke gå til høsten uten at det er en annen gjensidighet i det som skal skje, og en forståelse hos oss om at BM faktisk lytter til det vi sier Vi ber derfor BM om å behandle saken på nytt i sitt neste BM der vi får svar på våre spørsmål. Det må være en real sak å be om," heiiter det i brevet til Bispemøtet.






