«Denne meldinga inneheld blokkert innhald som tidligare har blitt merka som fornærmande eller nettsøppel. La oss få beskjed viss du meiner dette er en feil.»
Det er beskjeden du får viss du skriv www.bibel.no på Facebook-veggen din.
– Det er jo absolutt ikkje bra, seier nettredaktør for bibel.no, Bjørn Håkon Hovde.
Bibelselskapet sin nettstad, som inneheld alle Bibelens bøker, ser ut til å vere for dryg kost for det sosiale nettverket. Samtidig tillet Facebook linkar til religiøse nettsider som koranen.no og mormonsbok.no, noko som tyder på at religiøse sider i utgangspunktet ikkje er noko problem.
Brukarar har klaga. Bjørn Håkon Hovde har i ei vekes tid vore klar over at dei er utestengt frå fjesbok-varmen.
– Det er nokre som har tatt kontakt angåande dette, og vi har kontakta Facebook for å få fjerna blokkeringa, seier han.
– Kva tenker du om sensuren?
– Det er jo dumt at vi er utanfor, spesielt sidan Facebook blir så mykje brukt. Men samtidig trur vi ikkje blokkeringa skyldast noko anna enn at ein slags automatisk funksjon har slått inn. Vi håpar at dette blir ordna så rask som råd.
Vårt Land har også blitt kontakta av personar som ikkje har klart å linke til bibelselskapet på Facebook. Sidan førre veke har Vårt Land prøvd å få svar frå nettsamfunnet for å få forklaring på blokkeringa, men har ikkje lykkast.
Humanetikar på krigsstien? Ida Aaalen er medievitar og har skrive masteroppgåve om Facebook. Ho har følgjande forklaring på saka:
– Mi gjetting er at nokon er ute etter nettbibelen. Viss mange nok markerer linken til Bibelselskapet som upassande, så blir det lagt merke til av dei som administrerer Facebook. Stort sett kan dei ikkje norsk dei som sit i andre enden og overvaker dette, så då berre blokkerer dei linken, seier ho.
Blokkeringsfunksjonen er i utgangspunktet til for å stoppe virus, pornografisk innhald, omstridde nettsider som thepiratebay.org og uønskt reklame, forklarar Aaalen.
– Men det er altså fleire av Facebook-brukarane som må reagere på innhaldet og markere det som upassande. Kanskje det er nokre humanetikarar eller eit konkurrerande trussamfunn som er på ferde, seier Aaalen spøkande.
Vil tene pengar. Forskar og Internett-kommentator Gisle Hannemyr har ei alternativ forklaring:
– Viss Bibelselskapet har hatt ein slags kampanje der dei får mange Facebook-brukarar til å lime inn linkar på sin eigen og andre sin profil, så kan det på grunn av frekvensen bli registrert som nettsøppel og dermed blokkert.
Hannemyr forklarar at slike funksjonar er automatiske utan menneskeleg styring. Det er for å halde kostnadane nede. Facebook er til for å tene pengar, ikkje for å sikre Bibelselskapet ytringsfridom, seier han.
Ok med svensk. Tilbake hos Bibelselskapet avkreftar nettredaktør Hovde at dei har hatt noko kampanje for å spreie bibellinkar.
Hove gjer merksam på at nettbibelen framleis er tilgjengeleg på Internett. Etter litt tasting på Facebook finn han ut at både den svenske og danske nettbibelen slepp gjennom sensuren på Facebook.
– På Facebook får vi dessverre klare oss med svensk og dansk. Enn så lenge, seier han.






