Erkebiskopen av Canterbury, Rowan Williams, ber anglikanarar stå imot freistinga å konvertere til den romersk katolske kyrkja.
I ei preike i All Saints-kyrkja i London på Allehelgensdag vedgjekk Williams at den anglikanske framtida er «kaotisk og usikker». Preike vart offentleggjort i dag, melder den engelske avisa The Times si nettutgåva si.
Gud veit kva framtida er for oss, sa Williams.
Paven refererte ikkje direkte til pavedekretet der Pave Benedikt XVI legg opp ordninga for korleis anglikanarar kan bli medlemmar av den katolske kyrkja. Dei kan halde fram med liturgiane sine og fleire andre viktige sider ved den anglikanske arven sin.






