Nettstaden BudgetTravel.com har kåra Borgund stavkyrkje i Lærdal til ei av dei vakraste kyrkjene i verda.

Noreg er ikkje berre fjordar og flotte landskap, men også det einaste landet i Nord-Europa med mellomalderske trekyrkjer, vert det framheva.

«Noreg har 28 av dei - alle attraktive på kvar si måte - men den flottaste er Borgund stavkyrkje vest i Norge, datert til 1180,» skriv nettstaden, som også fortel at stavkyrkjene kan sjå ut som «eit vikingskip snudd opp-ned».

Sjå bilete av Borgund stavkyrkje på kirkenorge.no.