Dåpen fann stad i Nysæter kyrkje på Stord i vinter.
Gode råd var dyre då vatnet var stengt i området der kyrkja ligg. På programmet stod dåp av eit lite barn, og forrettande prest Pål Dale fortel til Vårt Land at det var kyrkjetenaren som var den kreative då vassmangelen blei oppdaga.
Det synte seg at vi hadde ei flaske Bon Aqua ståande, og den nytta vi, fortel Dale.
Sitronduft. Det finst fleire typar Bon Aqua, den populære vassdrikken frå Coca-Cola-konsernet. Den dei nytta i Sagvåg ein kald februarsøndag i det Herrens år 2009 var ifølgje prostiprost Dale med kolsyre og sitronsmak.
Under dåpshandlinga breidde det seg ei svak duft av sitron rundt døypefonten, forklarar han.
Kva med kolsyra?
Nei, den hadde gått ut. Det var einaste dette med sitronlukta som gjorde at ein kunne merke det var noko spesielt, svarar Dale.
«Behageleg». Han opplyser at dåpsfamilien blei informert om døypevatnet i etterkant av dåpshandlinga.
Eg hadde eit forklaringsbehov på grunna av sitronlukta, forklarar Dale.
Korleis reagerte dei?
Dei sa ikkje så mykje. Men eg reknar med at dei kjende lukta, dei óg.
Kvifor ikkje gå til sjøen og hente dåpsvatn?
Den tanken slo oss ikkje. Vi er vel ikkje kreative nok.
Vil du rå andre kyrkjer til å ha ei flaske Bon Aqua ståande i tilfelle vatnet er stengt?
Nei, men eg vil rå dei til å ha flaske vatn ståande. Samstundes vil eg gjerne seie at frå liturgen sin synsstad, så var det behageleg med litt sitronlukt i kyrkja under gudstenesta. Den hang litt i under resten av liturgien også.
Grensa. Prost Svein Arne Theodorsen ser helst at prestane hans døyper i vanleg vatn.
Men her var kyrkjelyden i ein trengt siutasjon, understrekar prosten.
Kvar går grensa for kva prestar kan bruke som dåpsvatn?
Kolsyra må ha dovna. Vi kan ikkje forstyrre gudstenesta med brusing frå døypefonten, svarar prost Theodorsen.
Prostiprest Pål Dale kan forsikre prosten om at denne grensa aldri blei passert under Bon Aqua-dåpen i Nyseter kyrkje.
Nei, einaste bruset kyrkjelyden høyrde, var den frå orgelet, opplyser han.
DISKUTÉR: Kan man døpe noen i brus?






