Konfrontasjonen mellom religionar må skjerpast, skriv den danske biskopen Niels Henrik Arendt i ei ny bok om Guds plass i religionsmøtet.
Dialog handlar ikkje berre om forsoning og semje, seier Arendt.
Han oppmodar folkekyrkja til å stå fast på at den kristne Gud er sanninga, ikkje ein av fleire likestilte gudsoppfattingar.
Overgrep. Vi er blitt redde for å vedkjenne farge, fordi det i seg sjølv blir oppfatta som eit overgrep på eit anna menneske, seier biskopen til Kristeligt Dagblad.
No etterlyser han ein sterkare konfrontasjon mellom kristendommen og andre religionar.
Mi von er at konfrontasjonen mellom religionane må bli forsterka ved at vi går inn i diskusjonen om det vi trur er sanninga med lidenskap.
Samde. Arendts biskopkollega Steen Skovsgaard er samd. Han seier at dialogen ikkje har noko meining om ein ikkje trekkjer klare grenser mellom kristendommen og andre religionar.
Biskop Kresten Drejergaard ser gjerne at folkekyrkja får ein skarpare profil på møta med andre trusretningar.
Samtalen gjev berre meining dersom vi står fast på kristendommens bodskap som noko unikt, seier Drejergaard til Kristeligt Dagblad.






