Kva gjer du når vasskrana er tom og dåpsfamilien ventar?
DISKUTÉR: Kan man døpe noen i brus?
Tekstverkstedet Jesus er kommet for å løse ethvert menneske fra båndene som binder, skriver Per Eriksen. Les mer
| Publisert 30.03.2009 kl 13:01 Oppdatert 01.04.2009 kl 11:42 |
Dåpen fann stad i Nysæter kyrkje på Stord i vinter.
Gode råd var dyre då vatnet var stengt i området der kyrkja ligg. På programmet stod dåp av eit lite barn, og forrettande prest Pål Dale fortel til Vårt Land at det var kyrkjetenaren som var den kreative då vassmangelen blei oppdaga.
– Det synte seg at vi hadde ei flaske Bon Aqua ståande, og den nytta vi, fortel Dale.
Sitronduft. Det finst fleire typar Bon Aqua, den populære vassdrikken frå Coca-Cola-konsernet. Den dei nytta i Sagvåg ein kald februarsøndag i det Herrens år 2009 var ifølgje prostiprost Dale med kolsyre og sitronsmak.
– Under dåpshandlinga breidde det seg ei svak duft av sitron rundt døypefonten, forklarar han.
– Kva med kolsyra?
– Nei, den hadde gått ut. Det var einaste dette med sitronlukta som gjorde at ein kunne merke det var noko spesielt, svarar Dale.
«Behageleg». Han opplyser at dåpsfamilien blei informert om døypevatnet i etterkant av dåpshandlinga.
– Eg hadde eit forklaringsbehov på grunna av sitronlukta, forklarar Dale.
– Korleis reagerte dei?
– Dei sa ikkje så mykje. Men eg reknar med at dei kjende lukta, dei óg.
– Kvifor ikkje gå til sjøen og hente dåpsvatn?
– Den tanken slo oss ikkje. Vi er vel ikkje kreative nok.
– Vil du rå andre kyrkjer til å ha ei flaske Bon Aqua ståande i tilfelle vatnet er stengt?
– Nei, men eg vil rå dei til å ha flaske vatn ståande. Samstundes vil eg gjerne seie at frå liturgen sin synsstad, så var det behageleg med litt sitronlukt i kyrkja under gudstenesta. Den hang litt i under resten av liturgien også.
Grensa. Prost Svein Arne Theodorsen ser helst at prestane hans døyper i vanleg vatn.
– Men her var kyrkjelyden i ein trengt siutasjon, understrekar prosten.
– Kvar går grensa for kva prestar kan bruke som dåpsvatn?
– Kolsyra må ha dovna. Vi kan ikkje forstyrre gudstenesta med brusing frå døypefonten, svarar prost Theodorsen.
Prostiprest Pål Dale kan forsikre prosten om at denne grensa aldri blei passert under Bon Aqua-dåpen i Nyseter kyrkje.
– Nei, einaste bruset kyrkjelyden høyrde, var den frå orgelet, opplyser han.
DISKUTÉR: Kan man døpe noen i brus?
NMS: Landsstyret tapte, men blir sittende
Helge Hognestad må ned av prekestolen i Hamar
Landsstyret tapte prøvevotering, truer med å gå
NMS-drama: Forslagsstillere sukker over liten taletid
Offer er misfornøyd med pavebrev
Paven beklagar, vil stille prestar til ansvar for sex-overgrep
Kristenliv Generalforsamlingen samlet seg om kompromiss. Les mer
Kristenliv Avtale med biskop Fiske: Hognestad skal «ikke skal utøve ordinær prestetjeneste» inntil videre. Les mer
Paven hadde gjesting av American Circus under den store audiensen i Paul VI-hallen i Vatikanet 3. februar.
Sjå biletserie
Lørdag kveld vanket heder og ære til norske musikere. Alexander Rybak stakk av med den gjeveste prisen.
Les mer
Jordskjelv i Chile, togulykken i Belgia, olympiske leker, nyfriserte hunder og indisk fargefestival.
Se bildene fra byrået
Det er bare tull at barn ikke liker fisk. På kokkekurs spiser de den til og med rå.
Se bildene her
Hinduer, buddhister, sikher markerer i disse dager festivalen holi – en feiring av gode avlinger og jordas fruktbarhet.
Se bildene– KrF-Hansen bommer, er naiv i møte med tabloidene
Høybråten langer ut mot «Stoltenbergs bakromsdemokrati»
Oslo Ap vil verne Lofoten mot oljeboring
– Muslimsk jødehat importert til Norge
KrF-Hansen i «sexy oppslag» skaper kjolerabalder
Nekter ny opptelling etter Irak-valg
- Nok stemmer til amerikansk helsereform
Ban: Israel og palestinerne må dele Jerusalem
Indiske leger blir styrtrike på surrogatbarn
Midtøsten-kvartett krever at Israel stopper all bosetting
Pågrep Taliban-topper, saboterte dialogen
Orkansesongen kan gi ny Haiti-katastrofe