Nyheter

Kjøde: Ikkje gi pengar til TV Visjon Norge

Normisjon-general refsar forkynninga på Jan Hanvold sin kanal.

Årsaka er kanalens programprofil og redaktør Jan Hanvold sitt forsvar av TV-sendingane med den amerikanske predikanten Thurman Scrivner. Kjøde meiner at Scrivners syn på sjukdom og liding er «rabiat», «ekstrem» og «ubibelsk».

«Han ber kreftsjuke om ikkje å ta medisinsk behandling, og han påfører funksjonshemma ekstra smerte ved å føre funksjonshemmingane deira tilbake til forhold av synd», oppsummerar Kjøde.

- Lykkeprofet. «Det er lett å ta avstand frå ei så rabiat utgåve av dette som den TV Visjon Norge kolporterer denne hausten ved enda ein lykkeprofet på den andre sida av havet», skriv Kjøde på kommentarplass i Normisjon-magasinet Agenda 3:16.

«At Jan Hanvold forsvarar sendingane med at det aukar publisiteten om kanalen og dermed gir betre økonomi, er kynisk. Vi vil sterkt rå frå at våre folk rundt om støttar dette tiltaket med pengane sine. Det er så mykje anna viktig arbeid å gi til der svake og sårbare menneske kan møte det evangeliet som er tiltenkt dei nedbøygde og svake. Det gjeld både i og utanfor Normisjon», skriv generalsekretæren.

Bryr seg ikkje. – Rolf Kjøde er ein from mann som eg respekterer. At han åtvarar folk mot å gi pengar til oss, uroar meg ikkje, seier Jan Hanvold til Vårt Land.

– Men vi har ytringsfridom i dette landet, og eg skal ikkje gjere noko forsøk på å nekte han å åtvare mot pengegåver til oss.

– Trur du åtvaringa frå Kjøde vil gå ut over inntektene til Visjon Norge?

– Det kan eg ikkje tenke meg. I Bibelen står det: «Er Gud for oss, kven kan då vere mot oss?». Når Herren er med oss i arbeidet i Visjon Norge, har det ikkje noko å seie at menneske er mot oss, seier Hanvold.

Les mer om mer disse temaene:

Jan Arild Holbek

Jan Arild Holbek

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter