Nyheter

Det perfekte folkemordet

I skuggen av første verdskrig blei 1,5 millionar armenarar drepne. Kragerø kommune har gjort det Solberg-regjeringa ikkje vil. Dei har anerkjent folkemordet.

«Jeg har vært med å se alt det frykteligste som tenkes», skreiv Bodil Biørn i dagboka si. Ho var augevitne til likvideringa av menneske som blei drepne fordi dei var armenarar.

Bodil Biørn var ein pioner. Kvinna kom frå ein av Kragerøs rikaste familiar, men valde ein uvanleg yrkesveg. Ho utdanna seg til sjukepleiar og reiste til det osmanske imperiet som misjonær i 1905, utsendt for Kvinnelige Missions Arbeidere (KMA).

Biørn slo seg ned i eit område som i dag ligg i Tyrkia. Ho arbeidde blant armenarane, den første folkegruppa som gjekk over til kristendommen, 300 år etter Kristi fødsel.

– Bodil Biørn blei eit særs viktig tidsvitne for ugjerningane som heimsøkte armenarane for 100 år sidan. Gjennom dagbøker, brev og bilete dokumenterte ho folkemordet som vi no markerer, fortel Kåre Preben Hegland, ordførar for Høgre i Kragerø.

Forbyr f-ord

I åra 1915-1920 blei nærare 1,5 millionar armenarar drepne og fordrivne i det som historikarar slår fast og som parlamentarikarar og statsleiarar har anerkjent som eit folkemord. I mai skal danske Folketinget behandle eit forslag om at Danmark skal seie det same. Frå før har 22 statar har avgjort at det er snakk om eit folkemord.

Tyrkia på si side har i 100 år nekta å bruke f-ordet. Tyrkia meiner at talet på døde ligg rundt 500.000, og at armenarane døydde som følgje av svolt, sjukdom, borgarkrig og det generelle anarkiet som rådde mot slutten av 1. verdskrig.

«Det er misvisende å tro og fremstille at det er en politisk enighet om skildringen av hendelsene i 1915 som folkemord», skreiv Ülkü Kocaefe, nestleiar ved Tyrkias ambasade i Oslo, i eit debattinnlegg i Vårt Land torsdag.

Første kristne folk

På starten av 1600-talet blei brorparten av Armenia innlemma i eit ekspanderande muslimsk imperium, det osmanske. Mot slutten av 1800-talet byrja armenarane å krevje sjølvstende. Den osmanske sultanen svarte med massakrar.

Samstundes som armenarane kravde fridom, vaks det fram ei rørsle som ville ha ein ny nasjonalstat. Dei såkalla ungtyrkarane tok makta i ein revolusjon i 1908, og tvinga i 1913 fram ein eittpartistat gjennom eit militærkupp. Slagordet deira skræmde dei kristne minoritetane:

Tyrkia for tyrkisktalande muslimar.

Utsletta by

I 1914 braut første verdskrig ut. Det osmanske imperiet valde å støtte Tyskland i krigen mot Frankrike, Storbritannia og Russland. Dermed kom armenarane i klem. Dei hadde samarbeidd med dei kristne, europeiske stormaktene, Tyrkias fiendar. Verdskrigen sende det osmanske imperiet mot stupet, og ungtyrkarane trong syndebukkar.

24. april 1915 gav regimet ordre om at eit hundretal armenske leiarar skulle arresterast og seinare drepast. Aprilordren blei startskotet på nedslaktinga og fordrivinga av armenarar, og utslettinga av armensk kyrkje, kultur og samfunnsliv.

Massakrane blei utførte i eit rasande tempo i 1915, fortel Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter - HL-Senteret på nettsida Folkemord.no:

Då tyrkiske spesialsoldatar kom til byen Musch, blei armenske kvinner og barn samla saman i låvar før veggane blei dynka med parafin. Så fann soldatar fram fyrstikker. Mennene blei avretta på staden.

Dødsmarsjar til ørkenen

Bodil Biørn frå Kragerø budde og arbeidde i Musch då tyrkarane kom. Saman med henne var ein annan KMA-misjonær, svenske Alma Johansson. I ein rapport melder dei to kvinnene:

«Bortsett fra et lite antall kvinner som tyrkerne tok for seg selv, er alt som armenisk heter i hele Musch-området utryddet.»

Overalt i det armenske kjerneområdet – sentralt og aust i dagens Tyrkia – blei armenarar slakta ned i 1915 og inn i 1916. Menn blei drepne på staden. Kvinner og barn blei deporterte. Dødsmarsjane mot ørkenområda som i dag ligg nord i Syria og Irak var mange og lange. Store grupper av dei som kom fram døydde etter kort tid grunna svolt. Eit tusental armenske kvinner blei også tatt som sexslavar i tyrkiske storfamiliar.

Stolt av bysbarnet

- Mykje av dette fekk omverda kunnskap om, takka vere Bodil Biørn, seier ordførar Hegland.

Eigentleg skulle Høgre-mannen frå Kragerø vore på partiets landsmøte neste helg og feira at dei styrer Norge.

– Men eg er i Jerevan, hovudstaden i Armenia. Både Erna og eg blei inviterte til 100-årsmarkeringa for folkemordet. Eg reiser. Erna har takka nei.

– Kva eg tykkjer du om det?

– Det er ei feig haldning.

Dagleg blir Kragerø-ordføraren minna om innsatsen til bysbarnet Biørn. Utanfor rådhuset står ein minnestein som heidrar innsatsen for armenarane. Når Hegland går inn på rådhuset, stig han inn i Biørn-familiens gamle herskapshus.

– Eg er stolt av Biørn, og reiser med glede til Jerevan for å vise støtte og sympati med det armenske folket.

Biørn-steinen utanfor rådhuset har ein ekstra symbolverdi for Hegland.

– Dei som kom med steinen, var armenarar frå Aleppo i Syria. Dei er etterkomarar av dei mange armenarane som blei deporterte dit, og i Aleppo dreiv Biørn ein barneheim for armenske flyktningar. Slik minner steinen oss om dagens verste flyktningkatastrofe, den syriske. Slik minnar han oss i Kragerø om å vise medkjensle, akkurat slik Biørn viste, med dei som er forfølgde.

Vil bryte stilla

I kulturhuset Kanonhallen aust i Oslo lyder armensk, liturgisk song. Han fortel om eit daglegliv der kyrkja stod midt i livet. Så smell det, songen stilnar, forfølgjarane tek seg med makt inn i gudshuset.

Armine, Sister avslører ikkje berre historia om utryddinga av armenarane, men også historia om stilla som følgde, og ansvaret for denne. Teaterstykket utforskar kva det vil seie å vere eit vitne, og kva vitnet tyder for oss i dag. Vi kan ikkje og ønskjer ikkje å uttale oss på vegne av armenarane, men vi ønskjer at framsyninga vår skal bryte stilla.

Jaroslaw Fret er grunnleggjar, skodespelar, regissør og sjef i Teatr ZAR, eit polsk, omreisande teater som har stoppa i Oslo for å vise stykket dei har brukt nesten to år på å skape, Armine, Sister.

I Kanonhallen viser dei ei framsyning utan ein einaste replikk. Men songen, dramaturgien og scenografien dreg publikum gjennom historia om eit folkemord som drep menneske, kyrkje og kultur, om eit folkemord som blir viska vekk som spor i ein ørken, om den uendelege stilla som rår etter utslettinga. Om det doble tabuet; først fornedringa, så motviljen mot å fortelje etterkomarane kva som hende.

Studerte armensk historie

På scena står ni søyler, symbolet på dei tusental armenske kyrkjene som blei stengde og sprengde i åra etter 1915. Skodespelarane i Teatr Zar skiftar på å spele offer og overgripar. Hendingar Bodil Biørn rapporterte om frå Musch får liv på scena. Særleg overgrepa mot armenske kvinner.

Armine, Sister er eit forsøk på å identifisere vår plass i høve til tidlegare generasjonar, og å forstå kven vi er, vi som alltid står på den andre sida av minnet, som på den andre sida av kameraet. Vi stirar på historia gjennom eit kikhol, og ser berre eit spor, ein skugge, ein tanke, forklarar Fret.

For å formgjeve stykket reiste Fret og ensemblet til det opphavlege Armenia. Dei studerte armensk historie og musikk, særleg den stolte kyrkjesongen. Dei møtte armenske songarar som Aram Kerovpyan, som no reiser rundt med ensemblet og er den berande røysta i Armine, Sister.

Kirkelig Kulturverksted (KKV) arbeidde i eit år med å få Teatr ZAR til å stoppe i Norge på verdsturneen med Armine, Sister. For å realisere prosjektet måtte dei ha statleg støtte. Ein god slump kom på bordet i Utanriksdepartementet. Saman med ei oppmoding:

– «Vi vil berre nemne at Norge offisielt ikkje brukar ordet «folkemord», sa folk i departementet, fortel Erik Hillestad, dagleg leiar i KKV.

– Men vi gjorde det likevel.

«Et folkemord 100 år etter» blei overskrifta på festivalen i mars som markerte at det var 100 år sidan folkemordet på armenarane starta.

Støttar armenarane

Sundag sa pave Frans f-ordet. Overhovudet for verdas største trussamfunn hadde invitert til minnegudsteneste i Peterskyrkja i Vatikanet. Han markerte at det var 100 år sidan myrderia og deportasjonane av armenarar starta.

– Det siste hundreåret har vår menneskelege familie gjennomlevd tre store og eineståande tragediar, sa paven.

– Den første, som er breitt vurdert som «det første folkemordet i det 20. århundre», ramma vårt eige armenske folk, sa Frans.

Tyrkia svarte med å kalle heim ambassadøren til Vatikanet i protest. Utanriksminister Mevlüt Cavusoglu sende ut refs på Twitter:

– Pavens fråsegn, som er ute av kontakt med både historiske fakta og rettsleg grunnlag, er rett og slett uakseptabel.

Biskop Erling J. Pettersen er også leiar i Mellomkyrkjeleg råd, utanrikstenesta til Den norske kyrkja. Han er tydeleg på kva ord kyrkja brukar:

Folkemord.

– Når Den norske kyrkja uttaler seg om dette, er vi heilt på line med pave Frans. Den skampletten i vår historie som no blir markert, blir frå vår side omtala som folkemord, seier biskopen i Stavanger.

Ikkje jobb for politikarar

I Utanriksdepartementet ser dei annleis på det. Vårt Land spurde utanriksminister Børge Brende: 100 etter at drapa og deportasjonane starta, vil regjeringa bruke termen folkemord på det som fann stad i Tyrkia i 1915 og dei påfølgjande åra?

Svaret kom i ein epost frå Brendes statssekretær, Bård Glad Petersen (H):

– Det herskar ingen tvil om at det skjedde omfattande overgrep mot armenarane i Det osmanske riket i 1915. Det er ein historisk tragedie. Regjeringa, til liks med regjeringar før oss, har ikkje tatt stilling til om hendingane i 1915 oppfyller dagens kriterium for å bli klassifisert som folkemord. Tolkinga av desse tragiske hendingane bør heller gjerast av historikarar enn av politikarar.

Statssekretæren peikar også på at folkemord først blei definert internasjonalt lenge etter 1915:

– Omgrepet folkemord er nedfelt i FNs folkemordskonvensjon av 1948. Det er prinsipielt problematisk å bruke omgrepet om historiske hendingar før konvensjonen blei laga.

Sender ambassadøren

I kjellaren på Fridtjof Nansen Instituttet i Bærum, betre kjent som Nansens bustad Polhøgda, står ein armenar og ristar på hovudet.

– Norges standpunkt heng ikkje saman. Regjeringa vil ikkje anerkjenne folkemordet på armenarane for det fann stad før 1948. Men Norge anerkjenner Holocaust som eit folkemord, og det fann også stad før FN-konvensjonen kom i 1948, seier Erik Grigoryan, leiar av Armensk kulturforening i Norge, og set på plass ei av Nansens bøker som er omsett til armensk.

Presidenten i Grigoryans heimland Armenia har invitert Norges regjering til 100-årsmarkeringa i Jerevan neste fredag. Statsminister Erna Solberg har takka nei. Høgres landsmøte kom i vegen. Heller ikkje Børge Brende reiser.

– Regjeringa er representert ved Norges ambassadør til Armenia, forklarar statssekretær Glad Pedersen.

Men om regjeringa vil glimre med sitt fråver i Jerevan, vil det likevel vere ein Høgre-mann på ærestribunen som held hovudet høgt heva.

– Du skjønnar, i Kragerø fann vi det naudsynt å drive utanrikspolitikk. Difor vedtok bystyret ei tid tilbake at Kragerø anerkjenner folkemordet, forklarar ordføraren, og legg til:

– Vi har bede dei siste regjeringane om å gjere det same, men dei vågar ikkje. Eigentleg forstår eg ikkje kvifor.

Heidrar Nansen

Han ligg gravlagt på Polhøgda i Bærum, mannen som står på sokkel i Armenias hovudstad.

– Fridtjof Nansen er stor i Norge, men polfararen, vitskapsmannen og menneskerettsforkjemparen Nansen er endå større i Armenia, fortel Erik Grigoryan der han står ved grava til Nansen.

Han meiner Norge har ei moralsk plikt til å anerkjenne den etniske reinsinga i åra etter 1915 som eit folkemord.

– Norge snakkar gjerne om forsoning. Men før forsoning kan finne stad, må ein vedgå, ta ansvar for ugjerningane som fann stad. Difor burde Norge leggje press på Tyrkia med anerkjenne folkemordet. Då ville fleire land følgt etter, for Norge er ein rollemodell i slike saker.

Kvar 24. april finn armenarar busette i Norge vegen til grava på Polhøgda. Dei kjem for å heidre mannen som i åra etter verdskrigen la ned eit enormt arbeid for sikre armenske flyktningar nye heimland, som høgkommissær for flyktningar i Folkeforbundet.

– Nansens engasjement for armenarane var personleg. Han hadde stor sympati for saka vår. Difor blir Nansen heidra som ein av dei verkeleg store heltane under 100-årsmarkeringa i Jerevan. Difor skulle vi gjerne hatt Norges statsminister der også.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Dei kristne forsvann

Kulturleiaren Erik Grigoryan, ordføraren Kåre Preben Hegland og teatersjefen Jaroslaw Fret er samde. Folkemordet på armenarane var det perfekte folkemordet. Først blei eit folk radert ut av ein nasjon. Så blei dei døde og overlevande gløymde av omverda.

I dag er Tyrkia 99 prosent muslimsk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter