Evangelikale leiarar i USA går no ope ut og avviser at president Barack Obama er muslim slik fleire og fleire amerikanarar trur.

Presidenten er ein kristen, seier sentrale evangelikale leiarar.

– Dei av oss som brukar tid med han og har hatt del i forminga av det åndelege livet hans kan vitne sikkert om at han er overgitt til Kristus, seier pastor Joel Hunter i Northland Florida, ifølgje avisa McClatchy.

Ber i telefonen. Megakyrkje-pastoren i Florida seier at han regelmessig ber med presidenten over telefonen, skriv Christian Today.

The Pew Forum on Religion and Public Life offentleggjorde nyleg ei meiningsmåling som sa at 18 prosent av amerikanarane trur Obama er muslim. Dette var opp frå 11 prosent i mars 2009.

LES OGSÅ: Stadig flere tror Obama er muslim

Gjekk ned. På same tid gjekk prosentdelen som trur at Obama er ein kristen ned frå 48 prosent til 34 prosent. 43 prosent svarte at dei ikkje veit kva som er religionen hans.

Dei som trur at Obama er ein muslim, seier at dei har oppfatta dette gjennom hans eigne ord og framtreden (11 prosent) eller gjennom media (60 prosent).

Hunter var ein del av eit 25 medlemmar stort råd om tru i fjor, reknar seg som ein konservativ evangelikal leiar. Han seier til McClatchy at mange amerikanarar er misinformerte og berre godtek synet til den som snakkar høgast.

LES OGSÅ: Obama besøkte Billy Graham

«Fødd muslim.» Evangelist Franklin Graham seier til CNN at han trur det er bakgrunnen til Obama som gjer folk i tvil.

– Eg trur at presidentens problem er at han vart fødd muslim, far hans var muslim. Islam er planta i han slik judaismen er planta i ein jøde frå hans mor. Han vart fødd muslim, far hans gav han eit islamsk namn, sa Graham til CNNs John King i eit intervju torsdag kveld.

Men Graham la til at det er innlysande at Obama har forlete islam og akseptert Jesus Kristus.

LES OGSÅ: Obama: Trua gjer meg roleg under press

– Det er det han seier at han har, eg kan ikkje seie at han ikkje har det. Så eg må berre tru at presidenten er det han seier han er, seier Graham.

Det kvite hus har kommentert Franklins påstand om at Obama vart fødd som muslim med at «Franklin har lov å ha si eiga meining, men presidenten er ein kristen», melder CNN.

Det kvite hus har understreka at Obama er ein overgitt kristen, fortel CNN.

– President Obama er ein kristen som ber dagleg, seier ei talskvinne for Det kvite hus.

Bush. I motsetnad til George W. Bush som stadig la vekt på den kristne trua si, let Obama vere stadig å gjere eit poeng av dette. Pastor Hunter meiner dette bør endrast i lys av den siste meiningsmålinga.

LES OGSÅ: Obama støtter mosképrosjekt

Time Magazine/ABT SRBI laga si eiga meiningsmåling etter at Obama kom med kommentarar som  vart sett på som støtte til ein moské nær Ground Zero. Den viste at 24 prosent trur Obama er ein muslim, 47 prosent sa at dei trur han er kristen og at 24 prosent ikkje veit kva dei trur eller ikkje ville svare.

Seks av ti avviste planane om moskeen, medan ein av fire sa at dei støtta planane.

Obama gjekk etterpå ut og sa at han ikkje hadde støtta moskeen.