– Dette er nerding på høgt nivå, seier undervisningspresten i Meland. Han står på heimekontoret i Alversund og ser på ein liten gul lapp med tal ved sida av pc-en.
– Det blir vel rundt 300 til no.
Det er så mange salmediktarar og oversetjarar han har skrive biografiar om i nettleksikonet Wikipedia. Arbeidet er gjort gratis og på eige initiativ.
– Har du peiling på kor mange timar har du brukt?
- Nei.
– Snakkar vi om årsverk?
– Det får eg ikkje håpe.
Angrar nesten. Det begynte med at han skulle hatt ei opplysning om den blinde salmediktaren Matias Orheim frå Nordfjord, men på Wikipedia fann han ingenting. Då hadde han eit par år tidlegare oppretta ein brukarkonto på nettleksikonet.
– Då får eg skrive om Orheim sjølv, tenkte eg. Medan eg skreiv, fann eg ut at vi skulle hatt biografiar over alle salmeforfattarane. Eg leikte med tanken. Så begynte eg.
Tre år seinare angrar han nesten på at han starta. Dei største salmediktarane var allereie omtala. Petter Dass, Elias Blix og Lina Sandell hadde alle biografiar. Attende stod det ei rekkje tyske prestar og biskopar frå 1700-talet, totalt ukjente i Noreg i dag.
– Det er avgrensa kor spennande det er å lese og skrive om dei, seier han.
No står det 24 att. Han bit tennene saman og skal fullføre.
– Har eg bestemt meg for noko, vil eg få gjort det, seier han.
Wiskelær. Det er ikkje berre salmeforfattarar Sneås Skauge skriv om. Også kyrkjer og helgenar legg han ut stoff om. Og historiske hendingar som sjøslaget på Vågen i Bergen i 1665.
– Er det meiningsfullt å bruke tid på dette?
– Ja, absolutt. Det har eit ideologisk bakteppe. Samfunnet har veldig godt av kunnskap, men for mange er det vanskeleg å filtrere ut. Då er Wikipedia ein stor hjelp til å gjere det tilgjengeleg. Det er ikkje så mange som tek seg tid til å gå på biblioteket og slå opp i bøker. Det ekskluderer. Wikipedia kan bidra til å viske ut eit intellektuelt klasseskilje.
Og så lærer han mykje sjølv av å lese seg opp og grave seg ned i bøker.
Ingen salmeelskar. Trass i at Sneås Skauge har utvikla ein nær kjennskap til salmediktarar, har han sjølv eit ambivalent forhold til salmane. Ikkje er han særleg glad i orgelmusikk. Ikkje lovsong, heller.
- Eg skjønar ikkje heilt snakket om salmeskatten. Ein del salmar har berre historisk interesse, men vi klarer ikkje å kvitte oss med dei.
Les heile intervjuet med Sneås Skauge i fredagens Vårt Land






