Fjøsfødselen

Maria skal ha fødd Jesus blant dyr i ein stall. Vi reiste til ein gard i Ås for å prøve å førestelle oss korleis det hadde vore i dag.

Reportasje

Det første vi høyrer idet vi kjem inn døra, er ein sau som brekar. Framfor oss ligg store, firkanta stykke med halm. Fire kyr, som ligg i eit hjørne ved ei open dør, stirar på oss.

Sola sto opp for halvannan time sidan, men ho gir ikkje frå seg mykje varme. Det er to plussgrader ute, ikkje stort meir inne. Det kjennest iallfall ikkje slik.

Vi er i eit fjøs i Ås kommune i Akershus. Det er uvisst om stallane og herberga vi kan ha passert på vegen var fulle, men her er vi, altså. I ein passeleg rotete og gammal fjøs, som eigaren sjølv seier.

Halm og trekk

– Eg må kjenne på magen, men det blir veldig kaldt!

Jordmor Marita Ruohoranta har bedt meg, journalisten, setje meg til rette på eit stykke halm i fjøsen. Ho sit sjølv ved sidan av. Her skal det kome eit barn til verda. Vi skal iallfall late som.

Ruohoranta har jobba som jordmor i over tjue år. Eg skal snart bli mor for første gong.

– Dersom du måtte ta imot eit barn i ein fjøs, kva er det første du ville gjort?

Å sjekke om der er halm. Finne ut kor reint det er der. Vaske hendene mine, dersom eg har vatn tilgjengeleg, seier ho idet ho legg to kalde hender på magen min.

– Hadde det vore farleg for babyen at det er så kjølig her?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Men viss det er trekk, så kan folk bli veldig fort sjuke. Hud-mot-hud-kontakt er viktig rett etter fødselen for at barnet skal halde varmen.

Lite hjelp

Jomfru Maria skal ha vore 12-13 år gammal då Jesus vart fødd. Det skal ha skjedd i ein stall eller ein fjøs – det var iallfall dyr der, og evangelia fortel at det ikkje fanst anna husrom for det unge paret.

Ho fødde tilsynelatande med mannen Josef til stades, men det er uvisst kva rolle han hadde under sjølve fødselen. Jesusbarnet vart så lagt i ei krubbe.

Vi kan ikkje seie sikkert at der ikkje var jordmødrer eller andre fødselshjelparar til stades, men verken Lukas- eller Matteus-evangeliet fortel noko om det.

Lite utstyr

Ruohoranta er vant til å måtte jobbe sjølvstendig. Då ho jobba i Finnmark, hende det at kvinnene rakk å føde barnet før ho kom fram. Somme tok ho imot åleine.

– Ein gong var det i ei hytte, men dei fleste var i ambulansen. Då hadde eg folk og hjelp rundt meg, men ingen som var utdanna i korleis ein tek seg av ein fødsel, fortel ho.

Ho har aldri tatt imot eit barn i ein fjøs. Men ho trur ikkje det hadde vore nødvendig med mykje ekstra utstyr om det skulle skje.

– Handkle eller nokre tøystykke, hadde vore fint. Og varmt vatn, mest for å vaske mine eigne hender.

Bra med dyr

Eg er skeptisk. Å føde i ein fjøs? Eg har på ullgenser og skjerf, likevel er det iskaldt. Halmen stikk meg i ryggen. Ein sau har gjort frå seg rett ved der vi sit. Og det er mørkt her. Det einaste lyset som siv inn, er gjennom små vindauge i rommet ved sidan av, og døra der kyrne kan gå inn og ut.

Jordmora innrømmer at det hadde vore utfordrande med fødsel her dersom ikkje alt gjekk som det skulle.

Blødingar hadde vore den største utfordringa. Det er framleis det som er det største problemet for kvinner i verda som føder der det ikkje er hjelp å få, seier Ruohoranta.

Framleis får berre éi av tre kvinner som bur på landsbygda i fattige regionar i verda den pleia dei treng under svangerskapet, ifølgje Norad. Tilgang på sjukehus og helsepersonell er ofte svært avgrensa.

– Det einaste ein kan gjere, utan utstyr, er å trykke på magen, som når ein prøver å stoppe naseblod. Men det hadde vore vanskeleg, seier jordmora, som har tatt imot om lag tusen born sidan 1990-talet.

– Dersom eg hadde vorte redd, kva hadde du gjort for å roe meg ned?

– Det spørs om ein tykkjer at dyra er ei ekstra belastning, smiler jordmora, som sjølv har jobba som bonde tidlegare og er vant til gardslivet.

– Gjer det noko at det er dyr her?

– Nei. Eg trur eigentleg det er positivt, så lenge det er fred og ro. Eg er kanskje litt inhabil, sidan eg er så glad i dyr. Men eg tenker det er bra å ha dyr rundt seg. Då er du iallfall ikkje åleine.

Utan smerter

Er det berre eg som er pysete? Det er jo fleire kvinner i verda som må føde utanfor eit sjukehus. Mange i Noreg vel også å gjere det heime.

I august i år meldte NRK at planlagde heimefødslar har auka frå 89 i 2008 til 153 i 2014, ifølgje tal frå medisinsk fødselsregister. Hadde det då eigentleg vore så farleg å føde i ein fjøs? Både ja og nei, ifølgje jordmora.

Mange nordmenn er ikkje ofte i ein fjøs i dag. Derfor er vi kanskje ikkje vande med dei bakteriane som kan finnast der. Då kan det vere veldig farleg å føde eit barn i fjøset.

Maria skal ha født Jesus utan smerter. For oss andre er det nok ikkje heilt slik. Derfor er ikkje nødvendigvis plassen ein føder så viktig, ifølgje Ruohoranta.

– Du greier ikkje å konsentrere deg om noko anna enn det som skjer akkurat der og då. Det er så vondt at ein berre vil bli ferdig med det, smiler ho.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje