Nyheter

Tenkjer nytt om det vi kastar frå oss

På to månadar har Kristine Ullaland (28) berre produsert eit halvfullt noregsglas med søppel.

Bilde 1 av 5

– Då eg flytta til London for å studere i 2012, merka eg at der ikkje var søppelbøtter nokon stad på veg til og frå skulen. Folk la berre søppelet utanfor huset dagen før nokon henta det. Eg klarte ikkje å gjere det – tenk om det kom til å blåse vekk, fortel Ullaland.

Dermed byrja ho samle søppelet i veska si.

– Eg såg på meg sjølv som ein bevisst forbrukar då også, men eg vart overraska over mengda av søppel.

Dermed sette ho seg ned og googla for å finne ut om urban kompost, men kom i staden for over «zero waste»-bloggar Bea Johnson.

Lite restavfall

Zero waste-livsstilen er ein filosofi som oppmuntrar til gjenbruk av alle produkt. Den er fronta av amerikanske bloggarar som Johnson og Lauren Singer. Ullaland, som no er ferdig utdanna sosialantropolog, har også starta ein blogg om same tema.

Følg Edens hage på Facebook!

Målet er å ha så lite restavfall som mogleg.

– Ein vanleg kvardag byrjar med ein dusj der eg brukar min heimelaga sjampo og såpe. Eg vaskar ansiktet med olivenolje og pussar tennene med ein tannkost av bambus, fortel Ullaland, som no bur i Bergen.

Deretter blir det kaffi eller te og brød til frukost.

– Det er mange produkt ein får i lausvekt, ein må berre tenke litt nytt, meiner Ullaland.

Ho tek alltid med ein tøypose eller andre ting til å ha maten i. Men det er ikkje alltid det er mogleg. Dopapir er alltid pakka inn i plast, til dømes.

– Eg kjøper også rømme og smør med emballasje. Plasten som er att etter rømma har eg tatt vare på, kanskje eg kan bruke det til å plante i hagen. Eg får låne ein flekk av naboen, fortel ho.

Brukar meir pengar på mat

Ullaland tenkte at zero waste-livsstilen verka ekstrem då ho først høyrde om den.

– Eg hadde aldri tenkt å leve slik. Men det balla på seg etter kvart. Dette er ikkje noko eg har bestemt meg for over natta, seier ho.

LES OGSÅ: Fikk bokhandlerpris for bok om biedød

Bloggaren innbilte seg at livsstilen ville vere for dyr. Ho brukar meir pengar på mat no enn før.

– Men samtidig lagar eg alle mine eigne hygieneprodukt sjølv, og eg har halvparten så mange eignelutar som tidlegare. Det er eit enklare liv.

– Liten effekt

I snitt kasta kvar nordmann 438 kilo hushaldsavfall i 2014, ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB). Det er tre kilo mindre enn i 2013, men likevel ei dobling av mengdene på 20 år.

Samtidig står hushaldningsavfall for berre rundt éin prosent av klimautsleppa i Noreg. Kva nytte har då ein zero waste-livsstil?

– Bidraget er sannsynligvis relativt lite. Hovudgrunnen til det er at moderne avfallshandtering fører til at ein stor del av avfallet blir resirkulert, seier Eirik Romstad, som er førsteamanuensis ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

Signalverdi

Samtidig understrekar Ingrid Foss Ballo, stipendiat ved Universitetet i Bergen, at ein ikkje skal legge skjul på den viktige signaleffekten ein slik livsstil kan ha.

– Eg meiner det potensielt kan ha stor effekt at nokon går i front for endring, anten det er gjennom å ha livsstilen zero waste eller andre initiativ «nedanfrå», seier Ballo.

LES OGSÅ: Gjorde hagen til fugleparadis

Det er stipendiat Ingrid Hjort ved Universitetet i Oslo einig i.

– Det har ein viktig signaleffekt. Det gjer at folk snakkar om og blir opptatt av kva dei kastar. Derfor kan det vere viktig, sjølv om ingen forskarar kan seie at det har stor effekt, seier ho.

Både Hjort og Ballo trur livsstilar som zero waste kan inspirere styresmaktene.

– Kanskje kan dei som tek initiativ bidra til at det kjem endringar frå politikarane, som gjer det lettare for kvar og ein av oss å produsere mindre søppel enn vi gjer, meiner Ballo.

Mark i hus

Kristine Ullaland stortrivst med å leve søppelfritt. Ho merkar det på kosthaldet spesielt, seier ho, sidan ho blir tvungen til å lage mat frå grunnen av. Ho veit kva ho får i seg.

Men livsstilen kan òg by på utfordringar.

– Eg prøvde å bruke eplecidereddik i håret, for det er det somme som gjer. Men eg tykte det var heilt forferdelig, fortel ho.

– Du er jo del av eit samfunn. Når du møter folk, så vil du sjå respektabel ut. Sjølv om folk kanskje ikkje legg merke til det, så føler du på det sjølv.

LES OGSÅ: Ingen dyrker lenger nord enn denne mannen

Venene til 28-åringen tykte ho var litt smågal då ho byrja ha mark inne i huset. Dei bur i ei boks i felleskjellaren.

– Eg lurte sjølv på om det var litt drøyt. Men marken er ganske kul. Den gir meg kompostjord utan at eg treng å gjere noko. Eg må berre mate den no og då, seier ho.

Alle kan ikkje redde verda, men alle kan gjere litt, meiner Ullaland.

– Samtidig er det viktig med sjølvironi. Det er heilt greitt når venene mine vitsar om dei skal ta med søppelet sitt heim når dei er her på vitjing. Denne livsstilen er jo ikkje for alle.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter