Nyheter

Idyllalarm i kjøkkenhagen

– Vi kan sitje ved frukostbordet og sjå kor det gror.

Bilde 1 av 4

I fjor haust grov vi opp eit område nederst i hagen som vi hadde fått lov til å bruke til kjøkkenhage. Gjennom vinteren og våren synte det seg diverre at arbeidet utleigaren vår gjorde med å lage ein finfin mur nederst i hagen også fekk konsekvensar for kjøkkenhagen.

Det førte til at vi no har fått ein stor og flott plen, men at kjøkkenhagen måtte ofrast på hageplanlegginga sitt alter.

Heldigvis hadde vi ikkje rokke å gjere noko anna enn å setje kvitlauk som skulle stå og godgjere seg i jorda over vinteren, så antakelegvis kjem vi til å finne litt kvitlauk her og der i hagen framover.

Trong etter å plante

På det tidspunktet det vart klart at kjøkkenhagen slik vi fyrst hadde planlagt den, var ein saga blott, var vi så opptekne av vårt nyaste tilskot til familien at vi raskt ristet sorgen av, som det heiter i diktet.

Men etter kvart som våren trengde seg fram kjende vi også stadig meir på trongen etter å grave og plante. Lukka var difor stor då vi fekk eit nytt stykke plen å gå amok på!

Betre jord

No har vi fått eit stort og fint stykke rett bak kjøkkenet og utanfor kjøkkeninngongen. Det gjev faktisk meining å kalle det kjøkkenhage.

Vi kan sitje ved frukostbordet og sjå kor det gror. Idyllalarm!

Eigentleg er denne plasseringa mykje betre, sidan det er både meir solvendt, lunare og betre jord her.

Så eg bretta opp ermene og nytta Johan Kornelius sine små lurar til å spa og vende. Kven treng vel treningssenter når ein har ein spade og eit greip?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter