Bilde 1 av 11

Den store dugnaden

Ute i skogen, djupt under vassflata og høgt på fjellet leitar forskarar og turgåarar etter soppar og småkryp i den norske naturen. Det kan føre til ein medisinsk revolusjon.

Reportasje

– Vi tek opp ein bit av havbotnen, ein klump med gjørme. Så vaskar vi han forsiktig og tek ut dyra som finst der, forklarar Anne Helene Solberg Tandberg.

Ho arbeider ved Universitetsmuseet i Bergen, og er ekspert på tanglopper – veldig små krepsdyr som ikkje har skjelett. I to og eit halvt år skal ho prøve å kartlegge kor mange artar av tangloppene som finst i Noreg.

– På verdsbasis er nesten 10.000 artar oppdaga. Kvart år blir 140 nye artar funne. Det indikerer at vi veit veldig lite, seier forskaren.

Tanglopper er små krepsdyr, og dei fleste lever i havet. Den et det meste, og er sjølv mat for mange artar fisk. Foto: Anne Helene Tandberg/Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen

Høgt og lågt

Tandbergs kartlegging er del av artsprosjektet, som vart etablert av Klima- og miljødepartementet i 2009. Artsdatabanken koordinerer prosjektet, og deler ut midlar.

Målet er å styrke kunnskapen om kva artar som finst i naturen, fortel seniorrådgjevar i Artsdatabanken, Ingrid Salvesen.

– Ambisjonen er å kartlegge det som finst av fleircella artar i Noreg, seier ho.

Fleircella artar finst i både plante-, dyre- og soppriket.

LES OGSÅ: Lagde hager i skyttergravene og polske gettoer

– Sidan 2009 har vi sett i gang ein rekke prosjekt. Vi har vore høgt og lågt. I sjøen, på fjellet, inne i skogen. Det er ei stor kunnskapsjakt rundt om i heile landet. Til og med på Svalbard, fortel Salvesen.

I år er det ni, nye prosjekt på gang (sjå faktaboks). Sidan artsprosjektet starta for sju år sidan, har dei funne 2.300 nye artar i Noreg.

Artsprosjektet har avdekka eit stort mangfald av mygg i Finnmark. I år skal Uni Research bidra til å gi ei meir komplett oversikt, ved å knytte innsamla puppeskinn til riktig fjærmyggart. Foto: Torbjørn Ekrem/NTNU Vitenskapsmuseet

Liten sopp – store konsekvensar

Førsteamanuensis i plantevitskap, Åshild Ergon, meiner det er eit enormt potensial i det mangfaldet av artar som finst i naturen.

– Vi brukar veldig få artar som mat og fôr i dag, til dømes. Vi kunne brukt mange fleire. Andre artar kan innehalde stoff som kan brukast i medisinar, fortel ho.

Akkurat det er historia om eit sveitsisk ektepar eit tydeleg døme på. Under ein ferie i Noreg i 1969, stogga Hans Peter Frey og kona ved Dyranut på Hardangervidda. Dei tok nokre bilete, og sidan Frey arbeidde ved eit laboratorium, tok han med seg ein jordprøve også.

LES OGSÅ: To menneske og ein hund bur på 11 kvadratmeter

Tilbake i Sveits vart jordprøven analysert, og det synte seg at jordprøven inneheldt ein sopp som produserte stoffet ciklosporin. I dag er stoffet det mest brukte legemiddelet ved organtransplantasjonar, og har ein årleg omsetnad på rundt 10 milliardar norske kroner, ifølgje Samarbeidsrådet for biologisk mangfald.

Åshild Ergon, som arbeider ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), kallar artsmangfaldet i Noreg eit skattkammer som menneska kjem til få bruk for i framtida.

Fjellbegermorkel – som er ei slekt i gruppa sekksporesoppar – er mellom anna å finne i Oppland, på Dovre og i Grimsdalen. Foto: Trond Schumacher/Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo.

Samlar strekkodar

Etter at Anne Tandberg har henta opp tangloppene frå havbotnen, blir dei sett under mikroskopet hennar i Bergen. DNA-prøven ho tek sender ho til eit nytt referansebibliotek.

LES OGSÅ: Ber om hjelp til å telje fuglane

Salvesen forklarar:

– Vi er med på ein stor internasjonal dugnad, der vi registrerar ein unik signatur for kvar art i verda, ei DNA-strekkode. Vi skal òg byggje opp eit nasjonalt referanse-bibliotek, seier ho.

Eit slikt system kan mellom anna brukast til å identifisere artar og sikre mattryggleik, ifølgje Salvesen.

– Innan 2018 skal halvparten av alle artar i Noreg ha fått ein strekkode, seier ho.

Forskar Bjørn Nordén fann denne nye arten – – i en almeskog på Vestlandet, gjennom artsprosjektet. Foto: John Bjarne Jordal. Lisens CC BY-SA 4.0

Alle bidreg

– Kan «vanlege folk» bidra til kartlegginga?

– Prosjektet involverer hovudsakeleg forskarar, studentar og teknikarar. Men «vanlege folk» bidreg òg i stor grad. Det er til dømes mange fugleinteresserte som gjer mykje arbeid på fritida si, fortel Salvesen.

Følg Edens hage på Facebook!

På ei nettside kalla Artsobservasjoner, kan folk legge inn det dei oppdagar på søndagsturen i skogen. Over 13 millionar observasjonar er allereie lagt til der.

– Alle monner drar. Til no har prosjektet vore ei fantastisk reise. Det er eit etterlengta løft som vert gjort no, på mange område, seier Salvesen.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje