Barn kjøper så mykje frislept energidrikk at butikksjefar etterlyser aldersgrense på Red Bull. Men helsestyresmaktene er negative.
Butikksjef Nienan Rofan ved 7-Eleven i Oslo kan opplyse om kjempesal av Red Bull den siste månaden. Han grip inn mot dei yngste kundane som vil kjøpe boksdrikken:
Barn bør ikkje kjøpe Red Bull. Vi har sett barn heilt ned i tiårsalderen som vil kjøpe produktet. Då anbefaler eg dei å kjøpe noko anna i staden for, seier Rofan.
Det er drygt ein månad sidan den omdiskuterte energidrikken Red Bull kom i sal i Noreg. Bakgrunnen for det er nye EU-reglar. Boksdrikken er ikkje lenger vurdert som eit legemiddel.
Helserisiko. Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) vurderte på oppdrag frå Mattilsynet i 2005 risikoen ved å innta høge mengder av stoffa som er vanlege i energidrikkar. Dei konkluderte då med at ein ikkje kunne utelukke helserisiko ved inntak av energidrikkar.
I år vart dei bedne om å gjere ei ny risikovurdering, fordi Helsedepartementet slo fast at produktet ikkje omfattast av legemiddellova. I den nye vurderinga peikar VKM på at gravide, ammande, barn og unge ikkje bør ha eit ukritisk inntak av drikke med høgt koffeininnhald. Samtidig skriv dei at det ikkje er mogleg å fastslå sikre årsakssamanhengar mellom konsum av energidrikkar og negative helseeffektar.
Enormt sal. Etter at Red Bull blei daglegvare har drikken selt godt. Butikkar og kioskar fortel om mange unge kjøparar. Difor går no fleire butikksjefar ut og etterlyser 16-års aldersgrense på produktet.
Det er tydeleg at det lyser i augo på dei minste barna når dei ser Red Bull, men denne drikken er ikkje for dei, seier Karianne Christoffersen, assisterande butikksjef i ein Rimi-butikk i Bergen, til Bergensavisen.
Jonas Pedersen, butikksjef ved 7-Eleven Munkegata i Trondheim, opplyser til Vårt Land at dei òg har hatt eit bra sal av Red Bull, men at det for det meste er vaksne kundar som kjøper det hjå dei. Ved Ica Nær Sentrum Terasse i Tromsø har salet vore veldig høgt, seier butikksjef Stig Flage. Han er einig i at det burde vere sett ei aldersgrense på drikken, grunna den høge koffeindelen.
Vi kan jo ikkje spørje om legitimasjon om barn vil kjøpe drikken, men vi prøvar å ikkje selje til for unge barn, seier han.
Ser ikkje behovet. Atle Wold, leiar i seksjon for omsetning til forbrukar i Mattilsynet, seier at dei ikkje kan innføre aldersgrense på mat som vert selt i Noreg når den først har vorte vurdert og godkjent. Eit tiltak dei kan gjennomføre, er skjerpa merking. Men Wold seier dette ikkje er aktuelt på noverande tidspunkt.
På boksen vert det gitt opplysningar om høgt koffeininnhald. Noko ekstra merking utover det ser vi ikkje behovet for. Vår erfaring er at jo meir informasjon og publisitet det er rundt produktet, jo meir interessant blir det å konsumere det.
Ny informasjon. Thomas Angell, direktør for handel i nærings- og arbeids-gjevarorganisasjonen HSH, seier at dei ikkje har fått noko tilbakemelding frå butikkane om aldersgrenseproblematikken.
Dette er ei ny problemstilling for oss. I utgangspunktet bør lovlege varer seljast på vanleg vis. Men eg veit at det er ein god del kjeder som ikkje sel Red Bull, seier han.
Professor og divisjonsdirektør ved Folkehelseinstituttet, Jan Alexander, kritiserer Red Bull si marknadsføring mot barn og unge.
For dei under 15 år som ikkje drikk kaffi, vil marknadsføring og konsum av Red Bull auke inntaket av koffein, uttalar han.
Ganske lave mengder av koffein skal til for å utvikle toleranse, og ubehag om ein sluttar å drikke det. Ved noko høgre inntak kan koffein gje nervøsitet og uroleg åtferd hjå barn. I tillegg kan det forstyrre søvnen. Det er også rapportert hovudpine i samband med koffeininntak hos barn og unge, seier Alexander. Han var med i VKM-utvalet som gjorde risikovurderinga av stoffa taurin og glukuronolakton. Stoffa fins i såkalla energidrikkar, men Alexander seier at det er opp til Mattilsynet å bestemme om det skal vere aldersgrense på slike drikkevarer.
Inga aldersgrense. Christian Diener i Red Bull Norge skriv i ein e-post at Red Bull ikkje vert promotert mot barn under 15 år.
Vi delar heller ikkje ut smaksprøver til denne aldersgruppa.
På svar om ei aldersgrense kunne vore aktuelt, skriv han at Red Bull ikkje vil innføre dette eller ytterlegare åtvaringar på boksen. Diener vil ikkje gi opp noko salstal for omsetninga av Red Bull i Noreg.
LES OGSÅ: