Nyheter

Evig trufast

Lat oss i bøn og i økonomisk støtte hjelpe dei som manglar både håp og materiellt underhald, skriv br. Haavar 
Simon Nilsen.

Det er eit manifest som Paulus teiknar opp i dag. Det finst ikkje noko som kan skilje oss frå Guds kjærleik. Denne tryggleiken gjev apostelen livskraft, mot og von som gjer han til den han er, og som gjer at han held ut dei mange prøvelsane han står i. Denne mannen som har opplevd å bli steina, piska, lidd skipbrot, som har trossa ver og vind, svolt og tørste, i tillegg til alle brytningane og spenningane­ han har levd med i arbeidet med dei mange forsamlingane. 
 Paulus kjenner både dei ytre og dei indre brytningane. Han nemner ikkje berre forfylging og naud, angsten er også ein realitet for apostelen, denne indre uartikulerte redsla som lammar og bind menneskesjela. Men ingenting, seier Paulus, ingenting kan skilje oss frå den kjærleiken Gud gjev oss.

Dette er eit evangelium som trengst i verda i dag. Me treng det i vårt eige land, her kor me har materiell overflod og alle velferdstilbod, men kor angst og uro riv i sjelene. Ungdomen treng denne kjærleiksgarantien, dei som hungrar etter sannferdig nærleik og ein trygg stad å høyre til. Og me treng å styrke denne vissa i kristne kretsar, slik at me sjølv finn kvile i våre liv og i våre mange forsamlingar. Då kan me også verte truverdige vitne som frimodig kan peike på Guds kraft og trygge hamn. Og kva med alle som lid i verda? Kva med dei mange båtflyktningane som i desse tider flyt på eit lite, tynt flak av ein gummibåt som heng over ein avgrunn som stadig tek fleire liv? Dei står i alle dei prøvelsane som Paulus nemner: naud, angst, forfølging og svolt, nakne og i fare, med vald på alle kantar.

Slik Gud Faderen viser sin uendelege solidaritet med menneska gjennom Sonen som gjer seg til eitt med oss, slik er også me kalla til å støtte dei som treng vår hjelp aller mest. Lat oss i bøn og i økonomisk støtte hjelpe dei som manglar både håp og materiellt underhald. Då speglar me Guds kjærleik, den som kan fylle alle sakn.

br. Haavar 
Simon Nilsen er ordensbror i St Dominikus kloster, Oslo.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter