Nyheter

Det nye templet

– Underet skjedde, og ljoset brann natt og dag åtte dagar til ende, skriv Haavar Simon Nilsen.

Jesus vandrar i Salomos søylehall på tempelplassen. Det er tida for innviingsfesten til tempelet. Ein legg mest ikkje merke til denne opplysinga i evangelieteksten. Men ingenting er tilfeldig for Johannes. Det dreier seg om den jødiske feiringa Hanukka, som vart stifta etter den jødiske sigeren over makkabearane i år 164 før Kristus.

Sidan templet hadde vorte vanhelga av avgudsdyrking og ofring av svin, måtte templet reinsast på nytt. Dei ville tenne den sjuarma ljosestaken som skulle brenne i åtte dagar.

Men då israelsfolket kom ­attende til Jerusalem hadde dei berre lampeolje for ein dag, medan­ det tok åtte dagar å lage ny, vigsla olje. Dei tende lampa likevel. Underet skjedde, og ljoset brann natt og dag åtte dagar til ende. Dette er opphavet til Hanukka-festen, der dei under den åtte dagar lange feiringa tenner eit nytt ljos for kvar dag i ein niarma ljosestake, heilt til den åttande dagen, då åtte veiker i staken lyser. I midten står tenningsljoset, det einaste av dei til saman ni ljosa ein kan nytte elles i året for praktisk bruk.

På dette viset vart israelsfolkets åndelege heim gjenvigsla for Herren, staden der Gud sjølv hadde sin bustad, der Han er som nærast. Og no står han der, Guds Son, i menneskeleg skikkelse, i tempelet reist til ære for Herren. Og dei spør kven han er. «Er du Messias, så sei oss det rett ut!». «Eg har sagt det til dykk, men de trur meg ikkje.»

Det levande templet står framom dei – det nye gudshuset som Sonen reiser på tre dagar. Han byggjer ein ny heim, som grunnfest reiser seg frå det djupaste dødsriket, og stig til dei høgste himlar. Eit tempel reiser seg den åttande dagen, den evige dagen, der alle menneske har heimstad, ein heim med ei stemme som på så underfullt vis verkar kjent. Det er Hanukka-fest til evig tid.

br. Haavar 
Simon Nilsen OP er ordensbror i St Dominikus kloster, Oslo

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter