Nyheter

Ånder på prøve

Ein skal gå etter det som heilt sikkert er rett og trygt, basert på dei beste kjeldene på området, skriv Vigdis Berland Øystese.

Som ung høyrde eg den gamle bibelskulelæraren Øyvind Andersen leggja inn eit godt ord for Flekkerøyguttene. Det var slett ikkje musikken eller stilen som vog tyngst for Andersen, men at «det var så god ånd i det koret», som han sa. Vi stussa vel litt, men han hadde sikkert rett når det galdt sørlendingane og fellesskapet deira.

Men å prøva ånder kan vel ikkje vera for amatørar? Kva for ånder er det snakk om?

Teksten viser til forkynning og forkynnarar. Falske og ekte. Og teksten gir ein nøkkel til å forstå: Berre dei som vitnar om at Jesus er blitt menneske, er av Gud. Men dei som ikkje vil kjennast ved Jesus, er ikkje til å lita på. Dei er falske ånder og profetar og må visast bort. Ein skal ikkje la seg narra av vakre ord og lokkande tankar, men gå innhaldet etter i saumane: Handlar dette om Jesus Kristus? Er dette den Jesus som Bibelen fortel om, som kom frå Gud, som gjekk ikring og gjorde vel, som leid og døydde og stod opp, og som sit ved Guds høgre hand og deretter kjem att for å døma?

Det er som med sopp-sanking: Ein skal gå etter det som heilt sikkert er rett og trygt, basert på dei beste kjeldene på området. Å ta feil, kan vera livsfarleg. Etter kvart som ein aukar kunnskapen sin, kan ein utvida søket. Men ein kan ikkje prøva og feila seg fram i soppskogen. Det kan få fatale konsekvensar.

Det er mange spørsmål som får stor merksemd i kristeleg forkynning og debatt. Ulike aktørar kjem fram til forskjellige konklusjonar på ei rekkje område, endå dei seier dei går ut frå dei same kjeldene. Ein kan bli både forvirra og fortvila. Og det er vanskeleg å finna svar på alt. Men eitt spørsmål er viktigare enn alle: Kven seier vi at Jesus er?

Å prøva åndene er ikkje å testa ut flest mogleg religiøse tenkesett. Det er først og fremst å ha fokus på Jesus, hans liv og gjerning, hans død og oppstode.

Vigdis Berland Øystese er førstelektor ved NLA Høgskolen, Bergen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter