Nyheter

Viss olja tar slutt

Kva skjer når olja tar slutt? Det er blitt eit svært så aktuelt spørsmål i oljelandet Noreg, skriv Vigdis Berland Øystese.

Olja kjem ikkje frå utømelege kjelder. Det kan bli lite rekningssvarande å henta henne ut, eller etterspurnaden kan bli skral. Og kva skjer då? Når vi ikkje kan lita på olja lenger? Vil Noreg stå der då, som eit kostbart og einsidig samfunn? Den bortskjemde veslebroren som endeleg fekk som fortent? Er vi førebudde på det?

Dagens brutale bryllaupshistorie fortel om fem uheldige brudejenter som slapp opp for lampeolje. Dersom ein fester merksemda ved dei ulike aktørane og deira lagnad, finn ein både tankeløyse og kanskje også hjarteløyse. Fort å gløyma reserveolje, ikkje sant? Og kvifor ikkje dela; kanskje hadde det vore nok til alle likevel? Brudgomen kom jo ganske raskt, medan dei fem ukloke var ute på handel.

Men hovudpoenget er ein annan stad, og det lar seg ikkje distrahera av alle innvendingane mot historia. Det handlar om å vera førebudd. Til bryllaup. Vera klar for fest.

Korleis er vi budde? Vak, står det, for timen og stunda er ukjend og kjem som ein tjuv om natta. Korleis kan ein vaka? Det verkar slitsamt dette!

Då eg var ung, snakka dei om dei fire b-ane: Bøna, bibellesinga, brødsbrytinga og brorskapen (eit nokså politisk ukorrekt ord på b; søskenfellesskap). Gode ting. Men er det slik at dess meir vi les, dess betre er vi førebudde? Dess meir bøn, dess meir olje på reservekanna? Kanskje det. Men kva så viss brudgomen kjem i ein dårleg periode for det rike, fromme livet?

Kva er olja? Er det eigenprodusert smørjing av sjelslivet og fromleiken, eller er kjelda ein annan stad. Kjelda er hjå Gud. Det er godt å be og lesa og dela fellesskap med andre truande og med Frelsaren sjølv i nattverden. Men det er berre Guds frelsande nåde som gjer oss budde. Det er den oljebrunnen som gir lys til lampa så ho brenn heile vegen inn i bryllaupssalen. Alt som kan hjelpa oss til å vera ved denne kjelda, er førebuing til fest.

Vigdis Berland Øystese er førstelektor ved NLA Høgskolen, Bergen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter