Så professor Rahmanov las side etter side i Det nye testamentet, på jakt etter språklege feil. Etter ei tid hende det noko han ikkje hadde rekna med: - Eg vart kristen medan eg reviderte Det nye testamentet, fortel han i «Nytt om Bibelen» nr 1/2005.
- Det var særleg Paulusbreva som gjorde inntrykk på meg. Dei var så praktiske og kvardagslege. Tekstene trefte både hjarta mitt og karakteren min.
Frå alle delar av verda høyrer vi om menneske som har kome til tru på Jesus, berre ved å lesa i Bibelen. Dei har ikkje oppsøkt ei kyrkje eller snakka med ein prest; dei har berre fått ein bibel mellom hendene, og så har dei lese seg til tru.
Slik er Bibelen ei underleg bok. Så lenge boka er lukka, tenkjer du at ho har lite å gje. Men når du opnar henne og tek tid til å lesa, hender det noko uventa: Du blir fylt med ei glede som ikkje kjem frå deg sjølv, men frå Guds eigen Ande.
Det er akkurat dette Paulus skriv om, i brevet til dei kristne i Tessalonika. Han nemner korleis dei «tok imot Ordet med den glede som Den heilage ande gjev» (1 Tess 1,6).
Vi som har Bibelen i bokhylla vår, treng å bli minna på denne gleda som ventar på oss. Diktaren R. S. Thomas skriv om noko som nappar han i ermet: «Eg kjenner krafta, det som usynleg nappar meg i ermet, dyttar meg mot den store hylla med boka …».
Kjenner du det nappar i ermet ditt i dag? Skal du ikkje gå og ta ned boka?






