Nyheter

‘Ingen bliver født til at hade’

Me veit ikkje kva trusfridom er før nokon tar den frå oss.

Millionar kristne vert, eller står i fare for å verta forfølgde. Opnar ein opp og snakkar om alle som blir forfølgde for trua si, er tala veldig store.

Bibelordet i dag skildrar tida etter Paulus (Saulus) si oppleving på veg til Damaskus, der Kristus viste seg for han i eit syn og gav han i oppdrag å forkynna Kristi lære i staden for å utrydde ho.

Dagens ord er ei nyttig påmining om den sterke religiøse bandlegginga og trakasseringa som finn stad i fleire land. Skildringar frå til dømes Syria, Egypt, Cuba, Libya, Burma og Nord Korea illustrerar at folka i desse landa har avgrensa rettar til å tru kva dei vil, bevege seg fritt og delta politisk.

Historier frå dei som blir trakkasserte for trua si, bør gje oss alle ein sterk inspirasjon. Korleis kan ein sjå lyset der alt er mørkt, der det kan synast håplaust å leva eit normalt liv i samanheng med det å ha ei tru?

Nelson Mandela, som sat fengsla for kampen sin for rettferd for alle i Sør-Afrika, har uttala følgjande:

«Ingen bliver født til at hade et andet menneske på grund af hans hudfarve, hans baggrund eller hans religion. Folk må lære at hade, og hvis de kan lære at hade, kan de også lære at elske, for kærligheden kommer mere naturligt til mennesket end dens modsætning. Selv i de mørkeste tider i fængslet, da mine kammerater og jeg blev trængt til det yderste, kunne jeg se et glimt af menneskelighed i en af fængselsbetjentene, måske kun et sekund, men det var nok til at give mig sikkerhed og holde mig gående. Menneskets godhed er en flamme, der kan skjules, men aldrig slukkes».()

Me er alle skapte i Guds bilete. Gud sin storleik vert spegla igjen i mennesket og mennesket speglar igjen Gud si ære og herlegdom. Dette lyset kan ikkje slukkast.

Paulus vendte ryggen til hatet og han fann styrken i Guds lys og kjærleik. Hatet og mørket vart erstatta av von og lys. Same styrken har mange andre vist som også lid for trua si. Me får skildringar om eit klårt gudsbilete, men kan berre ane lidingane deira. Me kan løfte dei fram for Gud i bøn, «Om ein lem lid, så lid alle dei andre med».

Guds lys og kjærleik gir von for alle. Ingen er født til å hate, men til å elske.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter