Nyheter

Gud, som gjev von

Trua og vona kan hjelpa oss til å gå vidare, ikkje stå stille, skriv Ellen Nordtun.

Det er godt å tenna lys. Det er svært meiningsfylt, for meg som prest, å kunne gå saman med nokon til lysgloben for å tenna eit lys. Å tenna eit lys gir von. Å tenna eit lys saman med nokon gjer godt. Enten det er nokon som slit med livet sitt eller me tenner eit lys for å takka.

Det er godt å ha vona. Det er godt å festa blikket framover. Vona kan gje drivkraft. Vona kan også vera med å lokka motet fram igjen for dei som har det vanskeleg.

Eit av namna på Gud er «Gud, som gjev von». Eit fantastisk namn.

I Romarbrevet skriv Paulus følgjande: «Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.» Ein kraftfullt bodskap også til oss i dag.

For tru skaper von. Von er for meg eitt av dei viktigaste orda knytt til Gud. For liva våre er skjøre. Som prest får me dette tett inn på livet. Marginane er ofte små og me er sårbare i mange av livets situasjonar. Me treng derfor vona. Både for å kunne gleda oss over det me har å takka for, samt å lena oss på i kampen mot det som er vondt, mot liding og urett.

Jesaja 11,1 profeterer om at ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter. Denne gåva, ­Messias, frelsarkongen kom til jorda på julenatt. Dette Isais rotskot gir von, både til dei kristne i Roma den gong og til oss i dag. Isais rotskot levde opp til alle forventingar som var skapt av profetiane om frelsarkongen. Han var og er ein konge som ber vår von.

Trua og vona kan hjelpa oss til å gå vidare, ikkje stå stille, og ikkje stira oss blinde på det som ein gong var. Og gje mot til å gå vegen vidare saman med den oppstadne.

Det er godt å tenna lys.

Ellen Nordtun er prostiprest i Hardanger og Voss prosti

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter