Nyheter

Det forgjengelege og det varige

Om menneskelivet er stutt og materien forgjengeleg, så blir Gud, han er frå æve til æve den same, skriv Vigdis Berland Øystese.

Eg kom til å tenkja på portrettet av Dorothe Engelbretsdatter. Ho sit i enkedrakt ved skrivebordet sitt. Det ligg ein hovudskalle på bordplata, attmed eit timeglas. Så kan ho bli minna om kor forgjengeleg alt er. Som om ho ikkje visste det alt, alle hennar næraste er borte, berre to av ni born vart vaksne, men dei fekk ikkje leva og støtta mor si heime i Bergen, dei heller.

Eller Hans Adolf Brorsons spegel; den som nokon stal frå Ribe domkyrkje i 1960-åra. Spegelen var dekorert med ein hovudskalle, ein vissen laurbærkrans, eit sløkt lys og fleire vanitassymbol som minte den som såg seg i spegelen, om at alt er forgjengeleg.

Hvad er det dog alt

Som Verden opsminker med fauer Gestalt?

Det er jo kun Skygger og skinnende Glar,

Det er jo kun Bobler og skrattende Kar,

Det er jo kun Ise-skrog, Skarn og Fortred,

Forfængelighed,

Forfængelighed

skriv Thomas Kingo.

Dei tre salmediktarane, og så mange fleire av eldre tiders trusvitne, talar om det som kverv, og om det som blir. «Så lenge eg er til», seier salmisten i dagens tekst, vil eg spela og syngja for min Gud.

For om menneskelivet er stutt og materien forgjengeleg, så blir Gud, han er frå æve til æve den same. Dagens tekst, lovsongen frå Det gamle testamentet, fortel om korleis Gud er og korleis han vil at verda skal vera:

Gud skaper himmel og jord og gir liv, han er trufast og hjelper dei som er undertrykte. Han gir mat til dei som svelt og løyser dei bundne. Han gir den blinde synet og reiser nedbøygde opp. Han vernar innflyttarar og held oppe enkjer og farlause. Han elskar dei rettferdige og gjer det vrient for dei som gjer urett.

Den gamle Gud er høgst aktuell! Høgst konkret. Hans rettferd varer.

Hans miskunn og kjærleik blir. Lovsongen frå Det gamle testamentet er ei programerklæring også for våre flyktige dagar på jorda.

Vigdis Berland 
Øystese er førstelektor ved 
NLA Høgskolen, Bergen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter