Nyheter

Byggje hus på fjell!

Me veit ikkje kva trusfridom er før nokon tar den frå oss.

Når det nærmar seg helg i Strandebarm, der eg er prest, kjem ofte følgjande spørsmål «Skal du på fjellet i helga?» Same spørsmål, sommar som vinter. Er ein oppvaksen her langs fjorden med dei mektige fjella rundt – er fjellturar ein viktig del av kvardagen.

Eg som er oppvaksen på Bømlo – kjenner at eg manglar dette genet som dreg ein mot fjelltoppen. Rett nok har me Siggjo på Bømlo, men ein gong i året til Siggjo fekk halde. Men no som eg bur i Hardanger, må eg berre, så eg slit meg opp på toppane, rett som det er. Og eg må innrømma at det er majestetisk når eg kjem opp, anten det er, Vesoldo, Fagrafjell eller Oksen. Her er det milevis utsikt. Det å vera på fjellet gjer noko med oss.

Jesus valte å gå opp i fjellet då han haldt Bergpreika, den store tala si, som teksten i dag er ein del av. Jesu tale er krass. Han åtvara mot falske profetar og læresveinar, og seier: "Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.". Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort."

Og det var nettopp desse orda frå Jesu si tale på fjellet konfirmantane i Strandebarm kyrkje 4. mai i år fekk med seg som nistepakke vidare i livet. - Byggjer vi liva våre på orda hans, vil me alltid stå stødig i stormen.

Stormar vil alle møte i livet. Sjølv om det stormar, kan me få kvila i at Gud er stødig, på same måte som fjellet er stødig. Gud har skapt verda, Gud har skapt fjella. Dei majestetiske fjella fortel om ein stor og mektig Gud som skapte den fantastiske naturen. Har vi fjellgrunn under oss, kan Gud vera tilfluktstaden for oss når vi treng å kvila, grina, sakna eller berre treng fred. Jesus er klippen, sjølv om liva våre kan opplevast kaotiske, så kan me kvila i at han har rom for alle.

Under fjellturar er det godt å få lena seg inntil fjellet for å trekkje pusten og ta ein kvil. Det største fjell av alle fjell er Gud. Og hos han kan alle finne kvile i vissa om at Han er vegen, sanninga og livet.

Fjelltur til helga?

Matt 7, 21-29

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter