Kva ville du ha sagt for å motivere folk? Kan hende noko slikt som at «no gjeld det å stå saman og stride alt det vi kan»? Men det Moses sa til folket, var det motsette:
«Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille» (2 Mos 14,4).
Så enkelt – og så vanskeleg. Men det var på den måten dei kom ut av den fryktelege situasjonen.
Eigentleg handlar alle bibeltekstene denne veka om å stole på Gud og vente på han. I morgon seier teksta at vi skal «søkje det som er der oppe», og så held det fram slik dei neste dagane: «Venta på Herren», «søk fyrst Guds rike» og «i stilla og tillit skal dykkar styrke vera». Alt saman tvert omvendt av det dei fleste av oss ville ha sagt.
Eg tenkjer på desse stakkars gruvearbeidarane i Chile. 33 mann sit i ei samanrasa gruve, 700 meter under bakken, og ventar på at andre skal grave dei ut. Det er ikkje lett for dei å halde motet oppe og stole på at dei andre klarer å berge dei. Men det er den einaste utvegen. Somme gonger er det ikkje stort vi kan gjera sjølve; vi må berre stole på andre og kvile i den tilliten.
Det er lov å vera stille og vente på Guds hjelp. Det er faktisk ofte den einaste utvegen. Når vi ikkje har krefter til å be sjølve, då går andre går i forbøn for oss, og gjennom deira forbøn er det Gud sjølv som strider.






