Teater

Støyande kaos

Skjørt, ja, men stille, nei.

Belastning er kanskje eit flatt ord, men det er eit sant ord.

Ein gong sat eg på eit venterom på ei sjukehusavdeling for barn som det er «noko» med. Her sat foreldra med barn som hadde vore gjennom ei første og kanskje ei andre undersøking, for så å ende opp her, på avdeling for barn med funksjonshemming. Barna kunne eg ikkje lese så mykje ut av. Men i dei vaksne ansikta såg eg smerta.

Eg smaker på ordet belastning. Eit slik dumt ord, men like fullt vanskeleg å kome bort frå, skal det vise seg. I møte med sjukehus-røynda, blir orda annleis og språket sakte skifta ut.

Belastninga er eit slikt ord som dukker opp, saman med ei rekke andre ord. Ein skulle kanskje ønske det ikkje var der, men det er der.

For eit par veker sidan skreiv Håvard Nyhus om lyden av skjør stillhet, i Vårt Land. Nyhus skildrar ei vakker scene mellom to brør i symjehallen, ein funksjonsfrisk og ein funksjonshemma som ein heilag augneblink. Kva er ­vakrare enn å sjå det sårbare bli tatt vare på, omsorg som blir gitt med kjærleik?

LES OGSÅ: Skadet i mors liv

Kontrasten blir dermed stor til den pågåande debatten om fosterdiagnostikk og abort. I desse ordskifta blir ofte funksjonshemming omtalt som ein feil, og ekspertisen åtvarer den gravide om belastninga. Sett opp mot «det heilage» i symjehallen blir belastning-språket som eit grått landskap. For Nyhus blir ordet belastning ein del av eit flatt og byråkratisk språk.

Eg skulle også gjerne ha sagt det, og i tillegg fjerna det frå alle debattar om abort og fosterdiagnostikk. Og at det å få eit funksjonshemma barn dreier seg om eit par ekstra bleieskift! Men slik er det jo ikkje.

Belastning, altså, kva er det? Er ikkje det like gjerne noko vakkert som noko stygt?

Forfattar Olaug Nilssen står bak teatersuksessen Stort og Stygt (Det Norske Teatret). Her viser ho korleis familielukke bryt saman, forventning går i oppløysing, håp blir knust og korleis alt dette må byggjast opp på nytt på grunn av eit barn med funksjonshemming. Nilssen har sjølv eit barn med ­autismediagnose, og i eit intervju etter premieren uttalte ho: «Kjærleiken er stor, men avmakta er stygg».

LES OGSÅ: Beskylder samfunnet for dobbeltmoral om Downs

Når avmakt og kjærleik er så tett kopla, er det vanskeleg å snakke sant. Vi vil helst ikkje uttale ordet belastning, for barnet er høgt elska. Men det finst reelle belastningar, reell smerte og utmatting.

Eg kan også få auge på vakker omsorg mellom sysken. Men eg ser også andre scener: der belastninga tvingar ein i kne, familiar­ går i oppløysing, foreldre og sysken som strevar med å få ting til å fungere, ja, utfordringar som ­andre familiar ikkje kunne ha drøymt om fanst.

Alle vi på venterommet hadde alt fått dette barnet som eit ekstra sårbart og trengande individ i verda. Å leve nær dette er sjølv å bli sårbar. Eg har blitt kjent med andre i liknande situasjonar, som har større belastning, fleire utfordringar. Belastning er kanskje eit flatt ord, men det er eit sant ord.

Det er lett å moralisere over den som vel bort, som ikkje tør,­ vil eller kan ta på seg ei slik «belastning». Men om ein skal moralisere over nokon, må det vere samfunnet sin dobbeltmoral som på den eine sida overlet den gravide i hendene på ekspertar som tilrår abort, og på den andre sida fordømmer handlinga hennar. Altså, ho skal ikkje snakke høgt om det.

Og det heilage i alt dette? For meg er det heilage «noko anna», «ein annan stad». I harmonien klarer menneska seg fint sjølve. Det er etter det brotne og øydelagte det heilage trer inn.

Innimellom sprekk alt opp i bitar, ein blir sint på dette barnet som ein elskar, ein kjenner øydeleggjinga på innsida, fortvilinga over at ting går sund, at ein gjer feil. Då oppsøker eg det som heilar, eg ber i det stille om hjelp. Eg rappar orda eg har høyrt i ­kyrkja, noko med hald i: Gje meg din fred.

Så det er ikkje det at det heilage ikkje finst.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater